Reknskapet til Selje kommune for ifjor viser eit meirforbruk på 1,5 millionar kroner. Kommunen hadde i budsjettet for 2004 vedteke å dekke inn underskotet frå 2002. Men med meirforbruket i fjor klarer dei ikkje å dekkje inn dette underskotet.
Difor har Fylkesmannen sendt melding til Kommunal- og regionaldepartementet om at Selje kommune skal meldast inn i ROBEK-registeret over kommunar med økonomisk ubalanse.