Hopp til innhold

Selje er utan vatn

300 personar i Selje sentrum er utan vatn i ettermiddag. Kommunen reknar med at vatnet vil vere tilbake i løpet av kvelden.

Det var under arbeid i Djupedalen at hovudvassleidningen ved eit uhell vart riven av.

Kommunen arbeidar no med å reparere vassleidningen. Ifølgje teknisk etat skal vatnet vere tilbake innan klokka ni torsdag kveld.