Hopp til innhold

To omkom i alvorleg trafikkulukke på E16

Politiet stadfestar at to personar mista livet i trafikkulukka vest for Voss. Fleire var vitne til ulukka, og Voss legevakt tilbyr samtalar om nokon treng hjelp til å handtera dei sterke inntrykka.

Trafikkulykke på E16 ved Seimsvatnet i Voss kommune.

STORE SKADER: Alle dei tre involverte bilane har store skader etter trafikkulukka ved Seimsvatnet i Voss.

Foto: Bjørn Sandnes / Avisa Hordaland

SISTE: Det var fleire vitne til den dramatiske ulukka. Voss legevakt har søndag bemanna opp for å tilby vitne nokon å snakka med om vanskelege ting dei har sett og opplevd. Folk kan ringe legevakta på telefon 116 117 eller den nasjonale hjelpetelefonen for førstehjelparar, nummer 02415.

I ei pressemelding klokka 12.30 opplyste Vest politidistrikt at to personar er stadfesta omkomne.

Dei to sat i ein utanlandsregistrert bil.

– Då naudetatane kom fram, vart det raskt konstatert at to hadde omkome i denne ulukka, seier politiets innsatsleiar på ulukkesstaden, Christian Meyer til NRK.

Det var totalt seks personar i dei tre involverte bilane.

Dei fire andre personane var skadde og vart tatt med av ambulanse til Voss sjukehus. Skadeomfanget på desse er uvisst, skriv politiet.

Den eine av dei fire er frakta vidare med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt melde i 13.30-tida at nokre pårørande var varsla, og at det pågjekk varsling av andre.

Ordførar: – Ufatteleg trist

Ulukka skjedde eit par kilometer vest for Bulken, ved Seimsvatnet på E16 mellom Evanger og Voss. Det er 70-sone på staden.

Ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøb, har i mange år kjempa for bygging av ny E16 på den både ras- og ulukkesbelasta strekningen mellom Voss og Bergen.

– Men etter ulukka i dag tenker eg først og fremst på alle dei som er involvert og pårørande. Det er ufatteleg trist at slikt skjer.

Han veit ikkje kven som var innblanda i ulukka ved Seimsvatnet.

TO OMKOM: Tre bilar var involvert i ei alvorleg trafikkulukke på E16 ved Seimsvatnet vest for Voss søndag føremiddag.

Front mot front

Tore Fanebust ved 110-sentralen fortel at ambulanse var på staden då brannvesenet kom dit.

– Det er snakk om ein front mot front-kollisjon, men kva som har skjedd er veldig usikkert, sa han klokka 10.50.

Politiet skreiv klokka 12.30 at sannsynleg hendingsforløp er at ein bil har kome køyrande frå Voss i retning mot Bergen. Den har kollidert front mot front med ein bil og kollidert med ytterlegare ein annan bil som kom i motsett retning.

Innsatsleiar Christian Meyer, Vest politidistrikt

INNSATSLEIAR: Christian Meyer i Vest politidistrikt.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Det er noko som har skjedd som me ikkje har heilt kontroll på endå. Den eine bilen må på eit eller anna vis ha kome over i motgåande køyrefelt og treft første bil, og igjen treft den andre bilen som hadde stansa, seier Meyer.

Politiet driv med åstadsundersøkingar no. Vegen kjem til å vera sperra for trafikk framover. Det er omkøyring via fylkesveg 79 og 49, altså gjennom Hardanger via Granvin og Norheimsund.

– Svært alvorleg

Det var klokka 09.59 politiet fekk melding om ulukka i Voss kommune.

– Ulukka står fram som svært alvorleg, skreiv politiet i den første pressemeldinga.

Dei melde at seks personar og tre bilar var involvert i ulukka.

– Det er kritisk skadde personar, skreiv politiet.

Naudetatane arbeidde med å frigjera fastklemde personar. I følge 110-sentralen klokka 11.15 var alle då ute av bilane.

Naudetatane på ulukkesstad på E16 ved Seimsvatnet i Voss

EI MIL UNNA: Alle naudetatane rykka samstundes ut til ulukkesstaden om lag ei mil vest for Vossevangen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Heilt forferdeleg

Avisa Hordaland sin journalist Bjørn Sandnes kom tidleg til ulukkesstaden.

– Det er heilt forferdeleg her, seier han.

Ein bil ligg på sida med svært store skader. Også dei to andre bilane har store skader, men står på hjula.

Klokka 11.30 fortalde Sandnes at alle dei seks involverte var frakta vekk i ambulanse.

Det pågår framleis oppryddingsarbeid på staden, og europavegen er stengd i uviss tid framover.

Vegen opnar kanskje klokka 17

Statens vegvesens ulykkesgruppe er no på staden saman ned kriminalteknikarar frå politiet.

– Dei vil hjelpa oss med å finna spor på staden. Me har også tatt ein del vitneavhøyr, seier Meyer.

Bilberging etter dødsulukke på E16 ved Seimsvatnet i Voss

BILBERGING: Klokka 14.30 er bilbergingsselskap kome for å frakta bilvraka vekk.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Vegtrafikksentralen har tidlegare opplyst at stenginga vil bli langvarig.

– Me blir her nok i alle fall eit par timar fram i tid, seier Meyer klokka 13.

Han antar at det tar rundt tre timar før vegen blir opna igjen.

– Det kjem an på den vidare jobben.