Hopp til innhold

Sein sommar i nesten heile landet: – Eg ville ha valt stranda denne veka

Det er venta temperaturar opp mot 30 grader i Sør-Noreg denne veka. Om vi er heldige kan det vare endå lenger.

Gutt med solbriller vasser på strand i Bergen med far i bakgrunnrn

KOSAR SEG: Magnus Rebnor (2) og pappa Robert Rebnor koste seg på badeplassen på Marineholmen i Bergen i dag.

Foto: Mette Anthun / NRK

Etter den kaldaste juli-månaden på femti år, har sommaren for lengst gjort comeback på Austlandet og i Midt-Noreg.

No slår finvêret ut i full blomst i resten av landet.

– Akkurat no er kysten frå Stavanger opp til Helgeland den store vinnaren. Fleire stader på Vestlandet er det venta temperaturar over 25 grader frå i dag, seier meteorolog Charalampos Sarchosidis ved Meteorologisk institutt i Tromsø.

Og varmare skal det bli.

Laster Twitter-innhold

Mot 30 onsdag og torsdag

Måndag ligg eit høgtrykk trygt plassert over Midt-Noreg. Der blir det stort sett liggande dei neste dagane.

Kombinert med varme luftmassar frå Sør-Europa, betyr det sol og høge temperaturar i store deler av landet.

– Onsdag og torsdag blir dei varmaste dagane i sør, med opp mot 30 grader enkelte stader, seier meteorologen.

Det er i indre strok – lands fjordane og i dalstrøka – temperaturen kan krypa høgast. Her er også fare for enkelte ettermiddagsbyer, men det blir i så fall lokalt.

Mann stuper uti algegrønn fjord med fjell omringet

STUPAR: Den kommande veka blir perfekt til å hoppe i vatnet, som Sebastian Søberg gjør her i Oldevatnet i Vestland.

Foto: Sebastian Søberg / @gorskimania

– Det kan vera greitt å vita dersom ein tenkjer seg på fjelltur. Men slik denne veka ser ut, ville eg heller valt meg ut stranda.

«Vanleg» sommarvêr i nord

Nord-Noreg har hatt ein forrykande juli-sommar. Aust-Finnmark registrerte dei varmaste temperaturane i landet, og i Nordland var det knapt nedbør på fleire av målestasjonane.

Denne veka er ein tilbake til meir normale temperaturar, med makstemperatur rundt 20 grader i Troms og Nordland.

– Det blir ikkje akkurat kaldt, men me er nok blitt litt bortskjemte. Det blir ikkje strålande sommarvêr, men det blir ikkje dårleg heller. Litt meir typisk vêr for nord sin del, seier Sarchosidis i 13-tida frå sitt kontor i Tromsø.

– Tysdag ser ut til å bli nokså fin for heile landet, med Finnmark som eit unntak, dessverre.

Vêr-dragkamp neste veke

Torsdag kveld eller natt til fredag går det mot eit vêrskifte. Eit lågtrykk frå vest treff norskekysten og gir nedbør frå Stavanger til lengst i nord på kysten.

Austafjells vil det koma nedbør fredag, men då er det lite igjen av nedbørsfronten.

Men trass melding om regn, har meteorologen gode nyheiter. Varmefronten blir liggande.

Vindstad er inngangsporten til Lofotodden nasjonalpark

MEIR FINVÊR: Nord-Noreg har vore den store vinnaren på solfronten i år. No er det Sør-Noreg sin tur.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Folk må ikkje bli skremde og tru at hausten er komen. Varmen blir liggande ei stund til.

Neste veke er det klart for ein reell vêr-dragkamp. Eit lågtrykk over Island og eit høgtrykk over Finland får alt å seie for oss nordmenn neste veke.

– Er me heldige kan høgtrykket bli dominerande og sørga for høge temperaturar også opp mot nord. Viss lågtrykket vinn, blir det regn og kjøligare for Sør-Noreg sin del, men framleis varmt og fint i nord. Enkelte stader kan det likevel bli liggande rundt 20 grader.