Hopp til innhold

Skandale, seier skiskyttar om nei til skiskyttarlinje

Fylkesdirektøren for opplæring seier nei til ei ny landslinje for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

Jarle Midthjell Gjørven

- TRAGISK: Jarle Midthjell Gjørven er mellom dei som har gått på Stryn vidaregåande skule.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dette er stikk i strid med ynskjet både til skulen og ikkje minst skiskyttarforbundet.

Det er tragisk, meiner Jarle Midthjell Gjørven, eitt av skiskyttertalenta som har gått ved Stryn vidaregående skule.

– Dersom eg kan bruke ordet skandale, så er vel det eigentleg mest dekkande. Eg synest det er leit, for alle dei yngre i klubben og distriktet som har sett opp til oss som har lukkast i skiskyting, får ikkje dei same sjansane som vi fekk.

Både Stryn vidaregåande skule og Norges Skiskytterforbund ynskjer seg ei landslinje i Stryn. Men fylkesdirektør Bekka Skaasheim går inn for avslag fordi skulebruksplanen seier at det ikkje skal vere idrettsfag i Stryn.

Idrettsfaga skal vere samla i Flora, Firda og Sogndal vidaregåande skular. Men der er det ikkje skiskyttarlinje.

– Rive opp med rota

Tore Bøygard

- SKJØNNAR IKKJE POENGET: Skiskyttarpresident Tore Bøygard.

Foto: NRK

Skiskyttarpresident Tore Bøygard meiner dette vil øydeleggje for sporten i Sogn og Fjordane.

– Det blir på ein måte å rive eit godt miljø med god kompetanse opp med rota, for så å flytte det til ein annan åker. Du må starte heilt frå scratch igjen, og det skjønnar eg ikkje heilt poenget med.

Dersom også politikarane seier nei til skiskyttarlinje i Stryn meiner Bøygard fylkeskommunen ikkje vil satse på skiskyting.

– Så har dei på ein måte sagt at dei ikkje vil satse på høgt nivå i Stryn når det gjeld skiskyting.

Bekka Skaasheim

VENDER TOMMELEN NED: Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Vil ikkje uttale seg

Fylkesdirektør Bekka Skaasheim seier dei ikkje uttalar seg når ei sak skal opp til politisk behandling. Politikarane i utvalet som NRK har snakka med ynskte heller ikkje å seie noko før møtet i utvalet i morgon.

Men Jarle Midthjell Gjørven er klar på at han ikkje hadde vore der han er i dag utan idrettsdlinja i Stryn.

– Nei, eg hadde ikkje vore i nærleiken ein gong, det er eg heilt sikker på.