– Det var tøft i starten til vi fann rette innstillinga i februar, men no går det fint, fortel sykkeltalentet André Kjønås Heggø frå Høyanger.
Landslagssyklist med hjartefeil
For det var ikkje gitt at 18-åringen, som studerer ved NTG i Bærum og representerer Ringerike Sykkelklubb, i dag skulle vere ein del av landslaget «Morgendagens Helter» i sykling. AV-blokk grad II type 2 er ein uvanleg diagnose for eit så ungt menneske.
- Les også:
Det var likevel den som gjorde at han, to veker etter ei individuell bronse og gull i lagtempo i junior-NM,
.– Situasjonen endra seg dramatisk på få månader. Eg sleit med dobbelt hjarteslag og kvilepuls på 22 slag om natta. Eg svima av og var ganske dårleg, seier Heggø.
– Som ein kniv i magen
Beskjeden var hard å få for heile den sykkelglade familien i Høyanger.
– Det var som å få ein kniv i magen og vridd om. Det var frykteleg tungt å tenkje på at vi har sendt ungane åleine på så mykje trening med ein slik hjartefeil, seier pappa Kjartan Heggø.
Det var ingen veg utanom pacemaker, men kva følgjer det kunne få for satsinga var uvisst.
- Les også:
– Vi vurderte om han kunne halde fram, men spesialistane meinte det skulle gå fint, legg pappa Heggø til.
Satsar mot VM
Og fint har det gått. Eitt år og ein dag etter operasjonen trilla 18-åringen inn til ein sterk siger på kongeetappen i Tour de Hallingdal. Årets junior-NM vart derimot øydelagt av magetrøbbel.
Kai Lexberg, landslagsleiar for juniorlaget i landeveg, meiner Heggø viser fin utvikling og kan nå langt.
– Det er opp til han sjølv, men han må trene og prestere, seier Lexberg.
– Det er kjekt å høyre, så eg håpar han tek meg med til VM, avsluttar Heggø og legg til at sesongens store mål er nettopp å stå på startstreken under junior-VM i Innsbruck.