Hopp til innhold

Stod over 5000 meter - satsar alt på distansen som er dobbelt så lang

Taktikk på høgt plan, vedgår 21-åringen om kvifor han ikkje stilte til start på 5000 meteren fredag. I dag håpar han å ha meir krefter enn resten av feltet.

Marius Vedvik

SATSAR ALT PÅ 10.000 METER: Marius Vedvik valde å stå over 5000 meteren under NM i Tønsberg fredag. I staden satsar han alt på dagens 10.000 meter.

Foto: Alf Vidar Snæland

Marius Vedvik frå Førde var ikkje å sjå på startstreken på 5000 meteren under NM i Tønsberg fredag kveld. Han bestemte seg for å stå over denne distansen.

– Grunnen er at eg har større sjanse til å ta medalje på 10.000 meter. Mange vil vere slitne etter 5000 meter, og då ser eg det som ein moglegheit til å møte frisk og rask på 10.000 meter, å kjempe om medalje der, seier Vedvik til NRK.no.

Tidlegare i sommar sletta han ein 35 år gamal krinsrekord på nettopp 5000 meter. I midten av juni sprang han inn til tida 14:29,29.

(Artikkelen held fram under videoen)

Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.

SLO 35 ÅR GAMAL KRINSREKORD: I midten av juni slo Marius Vedvik ein 35 år gamal krinsrekord på distansen 5000 meter. FOTO: Alf Vidar Snæland.

– Smarte val

Vedvik seier til NRK.no at han per no er sterkare på 5000 meter enn på 10.000 meter, men at han på sikt trur den lengste av distansane blir den beste for han.

Å stå over 5000-meteren var det rette for han, fortel han.

– For å bli god må ein ta smarte val, og eg trur dette var eit rett val for meg no, seier han.

– Kor store sjansar trur du at du har på medalje på 10.000 meter?

– Sjansen er kanskje 30–40 prosent. Eg er ikkje noko favoritt til å ta medalje, me eg er ein av fleire som kan ta medalje, seier han til NRK.no.

Fleire utøvarar frå fylket har allereie hevda seg godt i NM: