Hopp til innhold

Øyvind (21) let seg ikkje skremme av favorittstempel

I Jaysuma Saidy Ndure sitt fråvær må ein 21-åring frå Florø tole å vere gullfavoritt på dagens 200 meter i NM. Men Øyvind Strømmen Kjerpeset er ikkje den som let seg skremme av slikt.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg

GULLFAVORITT: Laurdag leverte Øyvind Strømmen Kjerpeset på 400 meter hekk i NM. Søndag er han gullfavoritt på 200 meter.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det påverkar meg ikkje i det heile. Eg skal berre springe så fort som eg kan til mål, seier han til NRK.no tidleg søndag morgon.

– Eg likar litt press. Det gjer meg nervøs og då spring eg fortare, legg 21-åringen frå Florø til.

Tidenes raskasta på 400 meter hekk i NM

21-åringen frå Florø har allereie levert varene under årets senior-NM i Tønsberg. I går suste kjempa inn til gull på 400 meter hekk med tida 50,38.

Det er det raskaste resultatet på distansen i eit NM nokon sinne, og med meisterskapsrekorden imponerte han mange.

– Dette er eit kjempeløp, sa dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane om prestasjonen i går.

– Hadde meir inne

Sjølv hadde Kjerpeset håpa å springe hakket fortare.

– Eg er eigentleg veldig godt nøgd. Det var eit bra løp og ei god tid, men eg vart litt overraska. Eg hadde venta å springe litt fortare, seier han til NRK.no.

Han seier kroppen funkar veldig godt om dagen, og irriterer seg litt over at han ikkje fekk ut alle kjempekreftene.

– Eg hadde veldig lyst til å springe ei kjempegod tid i går, sidan eg sprang så fort sist helg. Men eg skal prøve igjen i Zurich i staden, seier han.

Løpet i går er hans sjette raskaste og det sjette løpet han leverer på rundt 50 sekund den siste tida. Håpet hans er å kome seg ned på 49-talet.

– Det trur eg absolutt er mogleg, men det er vanskeleg å levere eit slikt løp på bestilling, seier han og lovar å klinke til på Diamond League-stemnet i Zurich på torsdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jaysuma Saidy Ndure

MÅ STÅ OVER: Jaysuma Saidy Ndure må stå over NM grunna ein lei skade.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Håpar å flytte persen igjen

Men før den tid er det 200 meter i NM. Forsøksheata startar klokka 10.30, medan finalen går 13.45. Der ventar mange at talentet frå Florø skal sikre seg sitt andre NM-gull på to dagar.

– Korleis kjennest kroppen no?

– No skal eg drikke litt kaffi, og så får vi sjå. I går følte eg at beina var veldig bra, og no når det ikkje er hekkar i vegen er det berre å springe så fort som eg kan.

– Eg er positiv og gler meg, seier han.

Sist helg sette han ny personleg rekord på distansen med tida 20,98. Om han greier å flytte sin eigen rekord på ny i dag er han ikkje heilt sikker på enno.

– Eg er spent på korleis kroppen reagerer på ein 400 meter hekk dagen før. Men eg håpar å springe på 20-talet, for eg føler eg ikkje har fått heilt ut potensialet mitt på 200 meter enno, seier han til NRK.no.

– Greier eg ned på 20-talet i dag så trur eg at eg er ein sterk kandidat for kongepokalen. Men med mot 21.00 vil også vere ei kjempetid, så eg får berre sjå korleis kroppen er.

Siste nytt

  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Milliardforlik i saken med overgrepsdømt turnlege

    Amerikanske myndigheter har inngått et forlik på nærmere 140 millioner dollar med ofrene for den overgrepsdømte turnlegen Larry Nassar.

    Justisdepartementet betaler i forliket et beløp tilsvarende rundt 1,5 milliarder norske kroner i forbindelse med krav fra 139 personer. Disse har beskyldt FBI for grov feilhåndtering av overgrepsbeskyldningene mot legen i 2015 og 2016. Justisdepartementet har vedgått svikt.

    Inkludert det siste forliket er det satt av rundt 1 milliard dollar av ulike instanser for å gi kompensasjon til flere hundre utøvere som Nassar
    skal ha foregrepet seg på under dekke av å behandle dem for idrettsskader.

    – Forliket vil ikke gjøre opp for den skaden som Nassar gjorde, men vi håper at det skal gi ofrene for ugjerningene hans noe av den viktige støtten de trenger for å fortsette legingen, sier fungerende visejustisminister Benjamin Mizer.

    I 2017 erkjente Nassar straffskyld for å ha misbrukt ti jenter. Den tidligere landslagslegen soner en fengselsstraff på inntil 175 år. (NTB)

    mn1xUzO0GqM
    Foto: Reuters
  • Roma-spiller friskmeldt etter kollaps

    Evan Ndicka har fått lov til å gjenoppta fotballaktiviteten etter at han tidligere i april kollapset i Romas kamp mot Udinese.

    Ndicka ble liggende på gresset etter 71 minutter i kampen 14. april og holdt seg til brystet. Senere på kvelden opplyste Roma at forsvarsspilleren følte seg bedre og at han skulle gjennom flere tester. De har nå blitt gjennomført, og han er igjen klarert for aktivitet, opplyser klubben på sine nettsider. (NTB)

    qYj-Mb-Adu4
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal