Samværsrom skal gje eldre meir privatliv

NORDFJORDEID (NRK) Som ein av dei første i landet får ekteparet Kåre og Oline Sørland i Eid tilbod om eige samværsrom på sjukeheimen.

No får dei sitt eige intimrom

POSITIVE: Kåre og Oline Sørland med leiar i Eid eldreråd, Anne-Mari Aalberg.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Dei har vore gift i over 60 år. Men no har Oline flytta på sjukeheimen. Kåre besøker henne nesten kvar dag men nokre gonger kunne han ha tenkt seg å bli verande ei stund.

– Ho er jo avhengig av heis og lift i senga så det er ikkje noko slikt samkome altså, men det er ikkje det som er viktig. Det er særlige tilfelle som julafta og bursdagar at det hadde vore fint å sove over i staden for å bryte opp og gå, seier Kåre, og held i handa til Oline.

Først ute

Som ein av dei fyrste kommunane i Norge skal Eid legge til rette for nærheit, intimitet og seksualliv for eldre i og utanfor institusjon. Det blir stadig fleire eldre i samfunnet, og på trappene ventar ein ny årgang eldre med andre haldningar.

Initiativtakarane Eid eldreråd og leiar Anne-Mari Ålberg seier det er viktig at alle sider av livet blir teke vare på når ein dreg på åra, også seksualiteten.

– Dette er ein naturleg del av livet. Vi blir født som seksuelle individ, enten vi er heterofile eller homofile, og vi har behov.

Ho forventa at ho måtte kjempe for saka og i verste fall bli avfeia av umodne fnis. Men det motsette skjedde. I staden er ho forbausa over å ha møtt så positive haldningar frå alle hald.

– Eg er veldig glad for vi blei tekne på alvor, seier Anne-Mari Aaberg.

Auke kompetansen

Etter at eldrerådet i kommunen tok opp saka i vinter vedtok kommunestyret onsdag at Eid kommune skal arbeide for å styrke kompetansen til helse- og omsorgspersonell slik at dei kan legge til rette for at eldre kan oppleve nærleik, intimitet og seksualitet som helsefremjande delar av livet. Eid kommune skal også legge til rette for dette i den fysiske utforminga av institusjonane. Noko dei gjer med det nye omsorgssenteret som skal stå klart i 2017. Der vil det kome store enkeltrom og trygge låsesystem.

Helsesjef i Eid kommune, Kari Krogh.

HELSESJEF: Kari Krogh.

Foto: Åsta Urdal / nrk

– Dette er heilt på sin plass. Utan at me har vore bevisst på det har me lagt veldig godt til rette for at bebuarane i omsorgssenteret skal få eit godt privatliv, seier helsesjef Kari Krogh i Eid kommune, og rosar initiativet til Eid eldreråd.

Og med dette vedtaket om å få med eldre og intimitet i sin nye Helse og Omsorgsplan vert Eid ein pionerkommune.

Vart avskilta

– Tankane kring korleis eldre på institusjon vert avskilta seksuelt slo meg etter å ha sett korleis eldre slektningar måtte forlate maken sin på julafta og åremålsdagar. Å ikkje opne for overnatting på statlege institusjonar frarøvar dei eldre intimitet og nærleik, behov og kjensler som ikkje forsvinn med alderen. seier Anne-Mari Aaberg.

Anne-Mari Aalberg

LEIAR I ELDRERÅDET: Anne-Mari Aalberg.

Foto: Åsta Urdal / NRK