Hopp til innhold

Budde på pengekamp for tunnelar

Leiarane i Samferdsleutvalet og Lastebileigarforbundet er nøgde med ekstraløyvingane frå regjeringa til samferdsle dei neste åra, men er budde på at det blir kamp om pengane.

Tunnelar

TUNNELAR: Pengane som kjem i samband med statsbudsjettet er tenkt til tunnelar på fylkesvegane, men er frie midlar. Difor er samferdsletoppane budde på at det blir kamp om pengane.

Foto: Arne Stubhaug/Ottar Starheim / NRK

– Eg er veldig positiv til at vi no kan få meir pengar enn vi hadde forventa. Vi i næringa håpar dei verkeleg tek tak i tunnelproblematikken. Det er ei av dei største utfordringane, fordi det kjem nye EU-reglar om tunnel i 2019, seier fylkesleiar i forbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden.

I statsbudsjettet som vert lagt fram på onsdag vil regjeringa føreslå at fylka skal få 272 millionar ekstra årleg mellom 2015 og 2019. Av desse vil 65 millionar gå til Sogn og Fjordane kvart år.

– Det blir ein heilt anna økonomisk kvardag enn det vi hadde sett føre oss dei neste to åra i alle fall, sa fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, til NRK.

Svært mange tunnelar treng opprusting

Rolf Olav Tenden

NERVEN I FYLKET: Tunnelane er nerven og må prioriterast, seier Tenden i Lastebileigarforbundet.

Foto: Birger Meland / NRK

Pengane er tenkt brukt i samband med nye krav til tryggingstiltak i fylkesvegtunnelar. Ei kartlegging etter Gudvangabrannen synte at 200 av 253 riksvegtunnelar ikkje tilfredsstiller EU sine tryggingskrav.

– Det er nerven i heile Sogn og Fjordane. Stengjer du ein tunnel er heile bygda eller grenda utestengd. Vi er nøydde til å kome gjennom på dei vegane vi har. Industrien er viktig for fylket, og derfor er tunnelsikring og eventuelt også auke av høgda på tunnelane veldig viktig for næringa framover, seier Tenden.

Tendens er klar over kor dyrt det vil vere å fikse alle tunnelane.

– Det er eit pengesluk. Vi får prøve å kjempe for dei tunnelane vi som næring meiner er farlegast og viktigast, og så håpar eg fylkeskommunen lyttar.

Trur dei må kjempe om pengane

Sjølv om pengane er tenkt til samferdsle og nye sikringstiltak i fylkesvegtunnelar er dei ikkje øyremerka, men frie midlar som fylkeskommunen rår over.

Med tanke på at det nye inntektssystemet gjer at fylkespolitikarane har jobba med kutt på 230 millionar, er Tenden klar over at det kan bli kamp om dei nye 65 millionane.

– Vi veit frå tidlegare saker at det ikkje er sikkert at pengane kjem samferdslesektoren til gode. Her må det sikkert kjempast frå dag til dag for at vi skal få det til det vi ynskjer: å sikre vegane og tunnelane, seier Tenden.

– Positivt, men...

Dei store kutta på 230 millionar i løpet av dei neste 5 åra, er allereie fordelt mellom samferdsle (fylkesvegar), utdanning (vidaregåande skular) og kultur. I haust har kvar sine utval på desse områda jobba med kuttlister.

Arnstein Menes etterlyser meir midlar til vegprosjekt.

KAMP: Arnstein Menes trur det blir kamp om pengane, men forventar at pengane går til samferdsle.

Foto: Fotomontasje / NRK

Leiar i samferdsleutvalet i fylkeskommunen, Arnstein Menes, trur også det vil verte kamp om pengane.

– Eg vil tru både utdannings- og kulturpolitikarane er interesserte i å redusere sine kutt. Det blir sikkert diskusjon om korleis fordelinga skal sjå ut vidare. Men eg forventar at desse pengane skal styrke samferdslesektoren framover.

Fylkeskommunen har fått ei liste frå Statens vegvesen over tunnelar treng opprusting. Høyangertunnelen kjem først, seier Menes.

– Beløpet i Høyangertunnelen kjem på 200 millionar. 65 millionar er eit positivt tiltak, men vi treng så absolutt mykje meir enn dette. 65 millionar hjelp noko, men løyser langt frå utfordringa vår, seier Menes.