På fugleøya Runde er alle ute etter eit glimt av det same; lunde, også kalla sjøpapegøye.
No er hekkesesongen i gang. Då kjem tusenvis av fugl – og turistar til øya.
INNEGJERDA FUGL: Ved grensa til fuglefredingsområdet stimlar folk saman.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKCampingplasseigar Knut-Asle Goksøyr ristar på hovudet og ser utover ein full parkeringslass.
– Det går ei grense for kor mykje folk ein toler å ha her. Det er ikkje slik at alle desse folka er spreidd ut over fjellet. Alle skal opp på nøyaktig same plassen, seier han.
Den vesle øya Runde har det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. Øya er ein av dei største turistattraksjonane i Møre og Romsdal.
Goksøyr delte dette bildet då ein folkehøgskule, i tillegg til andre turistane, kom på utflukt til fuglefjellet.
Større smittefare
Overlege ved Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, ber folk tenkje seg om i naturen.
Han peikar på at den engelske varianten av koronavirus no er dominerande i Noreg. Samstundes er det grunn til å tru at fleire går rundt med smitte utan å vite om det.
– Vi trur nok sjansen for å bli smitta utandørs er større i år enn i fjor. Det er viktig at ein hugsar å halde avstand, også i naturen, seier Aavitsland.
SMITTEFARE: Preben Aavitsland trur sjansen for å bli smitta utandørs er større i år enn i fjor.
Foto: epidemi.asHandsprit på fjellet
På Rampestreken i Romsdalen og Trolltunga i Hardanger vert det sett inn vakter for å organisere turistkøen.
– Vi fekk litt sjokk ei langhelg i mai i fjor. Pluselig sto folk tett i kø. Det verka som folk gløymde at smittevern også gjeld på tur, seier leiar i Romsdal Tindesenter, Ivar Brennhovd.
RAMPESTREKEN: Fjella i Rauma er store og vidstrekte, men mange har same målet. Turmålet rampestreken er mellom anna kjent frå TV2-serien Kompani Lauritzen.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Me sender opp vakter og handsprit for å passe på at besøket på Trolltunga er trygt. Det har me gode erfaringar med, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug.
TROLLTUNGA: Eit ynda turistmål i Hardanger. Ullensvang kommune brukar parkeringsgebyr for å betale for vakthald og tilrettelegging på fjellet. Bildet er teke i juli 2020.
Foto: NRK-TIPSARVed Preikestolen i Rogaland var det parkeringskaos i fjor. Dei har vakter og informasjon rundt parkeringsplassen, men ikkje ute i terrenget.
– Kvar enkelt har ansvar for å halde avstand, også i naturen. Vi har ikkje moglegheit til å passe på oppe på fjellet, seier leiar i Stiftelsen Preikestolen Helge Kjellevold.
Bør ikkje bli heime
Aavitsland i FHI håpar likevel at folk kjem seg ut på tur. Men peikar på at ein bør tenkje over at folk ein møter på turen kan vere smitta utan å vite det sjølv.
– Ein skal ikkje la vere å gå i naturen på grunn av frykt for korona, men eg håpar folk planlegg turen. Ein er no ikkje nøydd til å gå på Preikestolen og liknande stader, for der kan det bli ganske trongt, seier Aavitsland.
PREIKESTOLEN: Stiftelsen Preikestolen har vakter og informasjonsskilt rundt parkeringsplassen, men ikkje ute i terrenget. Bildet er teke i juli 2020.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRK