Sjukepleiestudenten vart funnen i ei vegskråning sentralt i Førde, eit steinkast frå Førdehuset. Det var ein forbipasserande som melde frå til politiet om funnstaden etter å ha sett noko mistenkjeleg.
Høyrde rop
No har ein nabo meldt seg og fortalt at han høyrde rop frå ei kvinne i det aktuelle området natt til søndag. Politiet har ikkje fått opplyst nøyaktig tidspunkt for desse ropa. Naboar av sjukepleistudenten har opplyst at dei høyrde dusjing kring klokka 06.30 søndag morgon. Dette og kvinneropa er truleg dei siste vinteobservasjonane politiet har tilgang på så langt i etterforskinga.
Møtte ikkje på jobb
Slåtten vart sist sett då ho gjekk og la seg på rommet sitt rundt klokka 23.30 laurdag kveld. Rundt klokka 03.30 natt til søndag snakka ho med kjærasten i Stavanger på mobiltelefon. 22-åringen vart først meldt sakna søndag ettermiddag fordi ho ikkje hadde møtt på arbeid ved Helsetunet klokka 07.30.
Anne Slåtten studerte i Førde og var busett i eit hybelkollektiv i Hamretunet i Vieåsen. Ho var førsteårsstudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si sjukepleieutdanning i Førde, og var innkalla til ekstravakt ved Helsetunet søndag.
Leitte i natt
Det var sett i gang leiteaksjon ved 16-tida søndag, og 22-åringen vart funnen klokka 12.15 måndag føremiddag. Då hadde 60 personar frå Røde Kors hjelpekors, fire hundeekvipasjar og 10 politifolk leitt etter kvinna i området rundt bustaden og på strekninga mellom Hamretunet og helsetunet.
Ventar på Kripos
Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til dødsfallet, og ventar no på hjelp frå Kripos i etterforskinga. Men lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn, seier dei held alle moglegheiter opne.
Politiet ved funnstaden i Førde. Foto Heidi Lise Bakke © NRK