Då mannen ikkje gav lyd frå seg sidan i går kveld, blei det sett i gong ein stor leiteaksjon i ettermiddag.
Eit Sea King-helikopter var på veg, men snudde då 68-åringen blei funnen i 16-tida.
Også kystvaktfartyet «KV Garsøy» var på veg, og alle ferjer i området var på utkikk etter mannen.
Stor leiteaksjon
- Det var ein stor leiteaksjon, men no er mannen funnen i god behald i gjestehamna på Stord, seier operasjonsleiar Tor Foseid ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Hovudredningssentralen i Sør-Noreg sette i gong leiteaksjonen etter mannen i 15-tida onsdag.
Kona fekk ikkje tak i han
Mannen, som er busett i Haugesund, blei sist sett på hytta si tysdag.
- Han hadde lagt mobilen sin frå seg på hytta, og difor fekk ikkje kona tak i han, fortel Foseid.
68-åringen hadde køyrt i båten sin til Stord i natt.