Hopp til innhold

Kajakkpadlar streva i uvêr og mørke i seks timar: – Såg veldig glad ut då me fann han

Den erfarne kajakkpadlaren sleit i uvêret i seks timar før han vart funnen på ein forblåst holme i stupmørket.

Redningsaksjon etter kajakkpadlar på Askøy.

MØRKT OG UVÊR: Mannen skulle ut på ein liten treningstur i dette området, men enda opp med sju kalde timar ute i uvêret.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Dette er absolutt ein mann som har padla mykje. Men sjølv dei med mykje erfaring møter av og til overmakta si når det gjeld vêret. Han innsåg litt for seint at han ikkje klarte å snu.

Det seier Lars Frøland Albert i Bergen brann og redning. Han er førar på brannbåten Sjøbrand, og var med då dei fann mannen.

– Han hadde ikkje noko skotøy og var rimeleg kald, men oppegåande. Han prata og var på beina, så han hadde ikkje blitt så nedkjølt at han ikkje klarte å te seg slik at me kunne ta han om bord.

Politibil under redningsaksjon på SAskøy

Store redningsressursar blei sette i verk då kajakkpadlaren blei meld sakna.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Kona vart bekymra

Politiet melde i 19.30-tida torsdag at ein mann i 50-åra var sakna i Hanøy-området på Askøy vest for Bergen. Mannen er ein erfaren kajakkpadlar, som ikkje kom tilbake etter ein padletur. Kona hans hadde kontakta politiet ein halvtime før, fordi han ikkje dukka opp til ein avtale.

I området var det sterk vind, lette snø- og haglbyer, og uroleg sjø.

– Då kona undersøkte, fann ho bilen ved eit naust dei har tilgang til. Der oppdaga ho at ein kajakk var vekke, fortel politiets innsatsleiar Ørjan Djuvik.

Politiet og Hovudredningssentralen sette i gong ein stor redningsaksjon.

Frivillige mannskap frå Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp vart kalla inn. Brannmannskap i to båtar vart sett inn, og redningshelikopter frå Stavanger. Også Luftambulansen gjorde forsøk på søk.

Ørjan Djuvik i Vest politidistrikt

Politiets innsatsleiar Ørjan Djuvik kunne nøgd konstatera at mannen vart funnen – kald men uskadd.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

I god behald

Ein time seinare melde politiet at mannen var funne rundt klokka halv ni. Han hadde tatt seg i land på ein holme og var i god behald.

– Noko kald, men elles uskadd, seier Djuvik.

Lars Frøland Albert seier det var veldig mørkt, og dårleg vêr å leita i.

– Me måtte bruka mykje lys og infraraudt kamera for å sjå noko.

Etter tre kvarter klarte dei å lokalisera mannen i bekmørket.

På Søre Rotøyna ute på fjorden mellom kommunane Askøy og Øygarden.

– Då hadde me søkt rundt to andre holmar, og dette var den tredje holmen me undersøkte. Der fann me han ståande på ei bryggje. Han hadde gul kjeledress på seg, så han var relativt lett synleg når me først fekk lys på han.

Mannen vart funne på denne holmen mellom Askøy og Øygarden.

Dei la seg inntil med vinden i ryggen, og fekk trekt han om bord i båten.

Og korleis reagerte mannen på å bli funnen?

– Han såg tilsynelatande veldig glad ut då me fekk han om bord og inn i varmen. Så eg vil påstå at han var godt nøgd då han vart funnen, seier Albert.

Fotografi frå redningsaksjonen eller frå då dei fann han, har brannvesenet ikkje.

– Me hadde meir enn nok med å halda oss fast og på beina i det vêret.

Sludd under redningsaksjon på Askøy/Hjeltefjorden

Sludd, kraftig vind og bølgjer gjorde leitinga vanskeleg.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ute i sju timar

Mannen fortalde dei at han hadde tatt ein treningstur, men hadde enda opp med å vera ute på sjøen frå klokka halv to på dagen.

– Så har nok vinden og vêret overraska han litt. Han blei pressa lenger sørover og innsåg at han ikkje klarte tilbaketuren med det vêret som oppstod.

Så han måtte rett og slett berre søka hamn på ein holme.

– Han hadde vore ein time på øya der me fann han. Det ligg tre holmar ganske tett der, så han har nok flytta seg frå den eine til den andre for å prøva å få kontakt med nokon.

Brannbåten Sjøbrand på vei mot Fosnstraumen

Det var brannvesenet sin båt Sjøbrand som fann den sakna padlaren (arkivfoto).

Foto: Bergen foto og media

Skeptiske

Det er hytter på holmen han enda opp på, men han hadde ikkje tatt seg inn i nokon av dei.

– Han hadde førebels ikkje funne det nødvendig. Han var komfortabel med å venta ute, seier Djuvik.

– Han tenkte å gå inn viss ikkje han fekk hjelp, så han hadde moglegheit for naudhamn, seier Albert.

Under leitinga var mannskapet skeptisk til om dette kunne enda bra for mannen.

– Ja, det er me alltid når me dreg ut under forhold som dette. Og han hadde jo vore sakna lenge. Hadde han ramla i sjøen i mørket i dag, hadde han blitt fort nedkjølt. Då er det lett for at det ikkje endar med positivt resultat, seier Albert.