Hopp til innhold

Nachspielsakene ferdig etterforska: Vedtek bot på 10.000 etter angiveleg biting

Sakene etter Brann-nachspielet er ferdig etterforska. Statsadvokaten skal avgjera kva som blir påtalen i valdtektssaka. Valdssaka blir avgjort med ei bot på 10.000 kroner.

Brann stadion

SKANDALE: Skandale-nachspielet hende etter Brann-spelarane var ute og åt middag etter å ha vunne ein treningskamp for FK Fyllingsdalen. Enkelte av spelarane reiste ut på byen. Tolv av dei var med på nachspielet.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Natt til tysdag 10. august hadde tolv spelarar nachspiel på Brann Stadion etter ein tur på byen. Sju kvinner var også med på nachspielet.

Etter saka vart det oppvask i klubben, og politiet starta etterforsking av to mogeleg straffbare forhold mot ulike kvinner.

10.000 i bot for vald

Den eine straffesaka politiet har etterforska, ei valdssak, er avgjort med bot.

Ein mann har fått 10.000 kroner i bot for å ha brote straffelova §271. Paragrafen omhandlar kroppskrenking.

Han har vedteke bota, men held fast ved at han ikkje har gjort noko straffbart.

– Forholdet gjeld at han angiveleg skal ha bite ein annan person i underarmen. Min klient erkjenner ikke straffskuld og stiller seg uforståande til førelegget, skriv Tarjei Hovland, advokaten til den valdssikta mannen i ein SMS til NRK.

Mannen har likevel altså vedteke bota, men det er for å bli ferdig med saka, opplyser forsvararen.

Fornærma er nøgd med straffa

– Min klient er nøgd med straffa, skriv Hilde Cecilie Matre, bistandsadvokaten til den fornærma kvinna i valdssaka i ein SMS til NRK.

– Dette sjølv om ho og anmeldte meir alvorlege forhold, skriv Matre.

Politiadvokat Lillian Anderson Kleppe vi ikkje gå i detalj om kva den valdssikta mannen har sagt i avhøyr.

Lillian Anderson Kleppe

POLITIADVOKAT: Lillian Anderson Kleppe seier politiet har prioritert valdtektssaka.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Det politiet har funne grunn til å undersøka, er ei kroppskrenkingssak, seier Kleppe.

Bistandsadvokaten seier dei må gjennomgå dokumentet i saka før dei tek stilling om til å eventuelt klaga.

– Det viktigaste for henne er at det blir reagert med straff og at saka får ei rask avgjerd, skriv Matre.

Statsadvokaten skal avgjera

Den andre av sakene som er etterforska er ei mogeleg valdtekt. Den er sendt over til Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete for påtaleavgjerd.

– Det ei alvorleg sak som politiet har proirtert, seier politiadvokat Lillian Anderson Kleppe.

Ho opplyser at det er gjennomført ein god del avhøyr, både av partane, og ein del vitne. Politiet har fått tilgang til videoovervakingsbilete frå Brann stadion.

– I tillegg er det utført ein del andre undersøkingar, utan at eg vil gå i detalj på kva arbeid politiet har gjort i denne saka, seier Kleppe.

– Politiet vil ikkje offentleggjera kva innstilling som er gitt frå politiet til statsadvokatembetet, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag.

Mannen i valdtektssaka har ikkje erkjent straffskuld.