Hopp til innhold

Saga vurderte protest mot Sogndal

Ein hektisk halvtime etter kampslutt, såg det lenge ut til at Saga ville leggje inn protest etter 2-6 tapet for Sogndal i cupen.

Saga - Sogndal

VURDERTE: - Både med tanke på utfallet av ein protest, og at vi sjølv tykkjer det kanskje hadde vore smålig, så legg vi ikkje inn noko protest, seier Rune Vossateig (i midten) i Saga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal miksa på draktummer til to av spelarane på dommarkortet. Etter at avansementet til 2. runde i cupen, var dette endra på.

Eliteserielaget returnerte også tilbake til Sogndal utan å signere kamprapporten.

- Det er sjølvsagt sløvt av ein tippeligaklubb, men slikt skjer nok på alle nivå, seier lagleiar Rune Vosseteig i Saga.

Protesterte seg til semifinalen

Det var Jon Jonasdal og Marius Torseth som hadde fått feil draktnummer i høve kamprapporten. Begge spelarane kom på bana utover andreomgangen som innbyttarar.

I 2000 tok Start seg til semifinalen på protest etter at dei tapte for Molde. Laget frå Rosenes by hadde nytta Martin Andresen som innbyttar, sjølv om han ikkje stod på dommarkortet.

- Begge spelarane var med, begge draktnummer var med, men draktnummera spelaran hadde på seg stemde ikkje overeins med dommarkortet. Hadde ikkje spelarane stått der, hadde det stilt seg annleis, seier kampleiar Joakim Knapstad (Eikefjord) om rotet i cupkampen i Førde.

Kontakta dommaransvarleg

Både dommarar og den sportslege leiinga i Saga forhøyrde seg med dommaransvarleg i Sogn og Fjordane Fotballkrins, Robert Endestad, før dei bestemte seg.

- Regelverket er klart. Alt i dommarkortet skal stemme med røynda, men så lenge spelaren står der og dei er speleberettiga så er det greitt. Står ikkje spelaren der, så kunne det anten blitt omkamp, eller Saga vidare, seier han.

Signerte ikkje

Ifølgje Endestad ville Sogndal berre fått ein reprimande. At Sogndal heller ikkje kontrollerte og signerte dommarrapporten før dei reiste frå Førde, tykkjer både Endestad er sløvt.

  • Alt frå dagens NM-runde ser du i "Veien til Ullevaal" på NRK1 frå klokka 22.45

For to år sidan fekk Førde feil spelar utvist i kvalifiseringa til 2. divisjon. Heller ikkje dei kontrollerte og signerte dommarrapporten. Dermed vart feil spelar suspendert.

- Å ikkje signere er det same som å samtykke med det som står der. Eg tykkjer dette er for dårleg av Sogndal. Det er for svakt av eit eliteserielag å ikkje sjekke at innbyttarane har rett nummer og at dommarrapporten elles er rett, avsluttar Endestad.