Hopp til innhold

Såg livsverket gå opp i flammar

Hotellgrunnleggjaren på Hopstock hotell i Vik i Sogn såg livsverket gå opp i flammer.

Carl Melchior Riiber

UTBRENT LIVSVERK: Carl Melchior Riiber tykkjer dette er ein tung dag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Rett før klokka tre i natt vart 65 personar evakuerte då ein eksplosjonsarta brann starta i hotellet. Ingen vart skadde, men for Carl Melchior Riiber er det svært tungt å sjå utbrente rom i livsverket sitt.

– Det er vondt. Ord blir flosklar i dag, seier han.

Fekk ut gamle møbler

Carl Melchior Riiber bygde opp hotellet i 1973. Han bur rett ovanfor hotellet som no er ei einaste stor branntomt. Familien kom og vekte Riiber for å fortelja at hotellet deira stod i fullt fyr seint i natt. Ei mager trøyst er at dei fekk redda ut nokre antikvariske møbler.

– Her står det vi kunne få ut, mellom anna møbler som er 150 år gamle. Dei er uerstattelege og som vi har mange minner knytt til.

Utbrente rom

Alle dei 65 gjestene vart evakuerte, og ingen kom til skade då alarmen gjekk klokka halv tre i natt. Sonen til Carl Melchior, Carl André Riiber driv hotellet, og fekk sjølv gjestene ut i natt. No står han att med røyk- og vasskadar i alle etasjar, og utbrente rom.

– Det vart totalt utbrent i løpet av fem minutt. Det ser heilt for jævlig ut, men det er materielle ting. Det viktigaste er at både hotellgjestane og dei tilsette har det bra.

Video Brann ved Hopstock hotell

EVAKUERING: 65 gjester vart redda ut frå hotellet. Fotograf Kjell Brekke filma under sløkkinga.

Skremmande syn for gjestane

Brann ved Hopstock hotell

Slik såg det ut i natt då hotellet stod i full fyr.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik

For gjestene på hotellet vart det ei dramatisk natt i Vik. Lisbeth Hagen og Berit Frikk Meling hadde lagt seg etter ein tannlegekonferanse i Vik. Dei låg i annekset ved sidan av hovudhotellet, og vart møtt av eit skremmande syn.

– Vi vekka alle samen og sprang ut. Då såg vi flammehavet. Vi såg flammane spreie seg langs mønet og vi visste at vi hadde kollegaer som budde der. Det var heilt forferdeleg.

To mødre med babyar

Edel May Hansen fortel at ein av hennar mannlege kollegaer byrja å sløkkja brannen før brannvesenet kom.

– Det låg ein brannslange og den prøvde han å slukke med. Vi knuste ruter for å sjå om det var folk der.

Norunn Gaarden var ansvarleg for tannlegekonferansen og sov i hovudhotellet. Ho fortel opplevinga var verst for to mødre med babyar.

– Det er klart at dei vart redde. Det var ei dramatisk opppleving, men vi vart tekne godt vare på

Trur brannen starta ute

Inne på hotellet etter brannen

Inne på hotellet etter brannen

Foto: Simon Solheim / NRK

Fleire av gjestane er visse på at brannen starta ute i nokre klede som hengde til tørk. Dermed kan brannen vere påsett, og politiet vurderer fortløpande bistand frå Kripos, men kan ikkje seie meir om brannårsaka. Hotelldirektør Riiber konstaterer at brannen starta utandørs.

– Brannen starta ute og har spreidd seg opp langs ein yttervegg og teke tak i taket.

I helga skal det vera Gamalostfestival i Vik. Riiber har fått den verst tenkelege starten på festivalen.

– Vi skulle ha det kjekt her ved hotellet i tre dagar, men no blir dette flytta over til andre stader. Eg trur det går mange månadar før hotellet er intakt.