Hopp til innhold

Fryktar brannen kan vere påsett

Politiet vurderer fortløpande bistand frå Kripos for å etterforske brannen ved Hopstock Hotell & Motell. I verste fall kan brannen i natt vere påsett.

Video Brann ved Hopstock hotell

Etter alt å dømme har brannen starta i nokre dressar som hang til tørk utanfor hotellet - anten ved eit uhell, eller så er brannen påsett.

NRK veit at politiet sterkt vurderer å hente inn hjelp frå Kripos for hjelp i etterforskinga.

Kjende røyklukt før dei la seg

Fleire gjester skal ha kjent røyklukt på hotellet, før dei gjekk og la seg natt til fredag.

- Dei siste la seg om lag klokka to. Dei meinte at dei kjende røyklukt, seier Torunn Lindland Gaarden til NRK.

Ho er ansvarleg for ein konferanse, der 60 tannlegar frå Hordaland denne veke har vore i Vik i Sogn.

Artikkelen held fram under biletet

Inne på hotellet etter brannen

UTBRENT: Store delar av hotellet er øydelagt av flammane natt til fredag.

Foto: Simon Solheim / NRK

Sat opp til to-tida

Tannlegane kom til hotellet onsdag, og skulle etter planen reise heim i dag.

Men opphaldet vart langt meir dramatisk enn nokon hadde trudd på førehand: Natt til fredag stod Hopstock Hotell & Motell på Vikøyri i brann - og dei 65 gjestene vart evakuerte ut og i tryggleik.

- Vi hadde hatt kurs og ein fin dag. Etter middagen sat vi nede og prata og kosa oss, seier Lindland Gaarden.

Såg ingenting i gangane

Dei siste kursdeltakarane var i seng ved to-tida natt til fredag. Fleire hevdar å ha kjent røyklukt i gangane. Ikkje lenge etterpå gjekk brannalarmen.

- Dei sjekka gangen og såg ut vindauga - men dei såg ingenting. Så gjekk dei og la seg, og mellom kvart over to og halv tre gjekk brannalarmen, seier Lindland Gaarden.

Brannvesen og ambulanse kom raskt på staden, og brannen var ved åtte-tida fredag morgon under full kontroll. Men hotellet er utan tak, og det er store vass- og røykskader - blant anna på den eine soveromsdelen, diskoteket og restauranten.