Hopp til innhold

Måtte sjå hotellet sitt i full fyr

Hotelldirektør Carl André Riiber fekk sjå hotellet sitt stå i flammar under brannen i Vik i natt. Sjølv hadde han fokus på korleis gjestene hadde det.

Brann på Hopstock Hotel i Vik

FOKUS PÅ GJESTENE: Hotelldirektør Carl André Riiber (i kvit skjorte) kunne ikkje gjere noko for å redde hotellet sitt. I staden konsentrerte han seg om å gje gjestene best mogleg forpleining.

Foto: Kjell Brekke

- Eg vakna av at brannalarmen gjekk, og så var det full fart med å få evakuert alle gjester. Brannen hadde ei eksplosjonsarta utvikling, seier Carl André Riiber.

Politiet fekk i tretida i natt melding om brannen ved Hopstock Hotell i Vik .

  • SJÅ VIDEO:
    Video Brann ved Hopstock hotell

Store mannskap frå brannvesen og ambulanse var raskt på staden, men ifølgje augevitne var brannen enno ikkje sløkt ved sjutida fredag morgon.

Hotellet hadde fullt belegg

- Dette er ein hotelldirektør sitt største mareritt, konstaterer Carl André Riiber.

Ifølgje hotelldirektøren starta brannen på utsida, før flammane tok tak i ein takkonstruksjon. Hotellet var raskt overtent.

- Det gjekk veldig raskt. Men vi hadde fokus på å evakuere gjestene

Hotelldirektør Carl André Riiber

Hotellet hadde fullt hus - alle dei 62 romma var opptekne. Det var ein større konferanse ved hotellet, og i helga er det Gamalostfestival i Vik i Sogn.

- Vi samla alle saman utanfor, og talde opp at alle hadde komme trygt ut, fortel Riiber.

Artikkelen held fram under biletet

Brann på Hopstock Hotel i Vik

I FULL FYR: Hopstock Hotell i Vik tok til å brenne natt til fredag. Hotellet var då fullbooka for heile helga.

Foto: Kjell Brekke

Dyster stemning ved hotellet

Medan brannsløkkinga framleis pågår, er Riiber mest oppteken av at gjestene hans skal få forpleining på best moglege måte.

- No er fokus på gjestene, understrekar han.

Brannen ved Hopstock Hotell vil nok prege bygda ved Sognefjorden utover dagen.

- Det er dyster stemning ved hotellet no. Det er fullt av brannbilar, ambulanse og hjelpemannskap, seier Kjell Brekke.

Mykje av hotellet er øydelagd

Brekke var augevitne til brannen i natt, etter at han vakna av helikopter over husa ved tretida.

- Sjølv om det ikkje brann i første- og andreetasje, kan eg tenkje meg at alle rom er øydelagde av vasskader, seier han.

Det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg til andre bygningar. Saka blir vidare etterforska.