Hopp til innhold

Brannsjefen såg brannen starte

Brannsjef Per Martin Berglund såg sjølv brannen på Hopstock Hotell spreie seg i stor fart medan han kledde på seg for å rykkje ut.

Video Brann ved Hopstock hotell

Frå soveromsvindauget vart brannsjefen i Vik vitne til den eksplosive brannen på Hopstock Hotell & Motell:

Medan han kledde på seg såg han flammane spreie seg i enorm fart.

- Gjekk mykje gjennom hovudet

- Eg bur slik til at eg ser rett ned på hotellet. Eg såg brannen eksplodere nordover mønet, seier Per Martin Berglund.

Han legg til:

- Deretter fekk eg greie på at det var mange gjester på hotellet. Då gjekk det mange tankar gjennom hovudet mitt.

Trudde først det var falsk alarm

Brannalarmen ved Hopstock Hotell & Motell gjekk ved halv tre-tida natt til fredag. Brannvesen og ambulanse var raskt på staden, og fekk saman med dei hotelltilsette evakuert dei 65 gjestene ved hotellet.

Også for gjestene var brannen ei dramatisk oppleving. Torunn Lindland Gaarden låg og sov då alarmen gjekk.

- Dei fleste av oss trudde det var falsk alarm. Heilt til vi kom ut i gangen - då kjende vi røyklukta. Det var skremmande kor raskt brannen spreidde seg, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

Torunn Lindland Gaarden

VAKNA AV ALARMEN: Torunn Lindland Gaarden var saman med 60 tannlegar frå Hordaland på kurs og konferanse ved Hopstock Hotell. Ho fortel at brannen spreidde seg raskt.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Meiner brannen må ha starta ute

Politi på staden trur brannen kan ha oppstått i nokre klede som hang til tørk utanfor hotellet, men veit førebels ikkje om brannen kan vere påsett.

Brannsjefen vil ikkje slå fast anna enn at brannen starta ute.

- Eg kan ikkje uttale meg om årsaken, men det ser ut for at brannen har starta ute, seier Berglund.