Saftkokaradn får meir boltreplass i storstova

SOGNDAL (NRK): I går starta dugnadsarbeidet med å gje Saftkokaradn meir boltreplass på Fosshaugane. – For oss i Saftkokaradn er dette gull verd, seier leiar Vidar Vadseth.

Saftkokaradn

JUBEL: Saftkokaradn fylte bortetribunen både på Brann Stadion og til opprykkskampen mot Hønefoss i fjor. Kommande sesong får dei 500 ståplassar i si eiga storstove, Fosshaugane Campus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Når Vålerenga vitjar verdas minste eliteseriebygd, er to setefelt på Lerum-tribunen erstatta med ståplassar.

Geir-Inge Heggestad

STØTTE: Klubben ynskjer fleire ståande og syngande saftkokarar kommande sesong. – På P og Q-feltet på Lerum-tribunen, blir det no plass til 500 ståande supporterar, seier Geir Inge Heggestad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Her blir det plass til 500 ståande supporterar. Dobbelt så mange som i dag.

– Vi ynskjer å hjelpe supporterklubben til å bli større, få meir innhald og meir volum. Og meir trykk, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball.

Vil ha meir liv

Medan Eirik Bakke kjempar mot klokka for å få spelarane klare til seriestarten i helga, kjempar administrasjonen med å få alt klart til årets første heimekamp 20. mars.

Sesongkort skal skrivast ut og eit nytt stort led-digitalboard skal programmerast og setjast på plass. Det skal også nye innbytarbenkar og fleire ståplassar, som supporterleiaren meiner er gull verd.

– Planen er endå fleire ståande og syngande supporterar på kampane. Vi ynskjer at fleire skal stå saman med oss, og lage liv saman med oss, seier Vidar Vadseth.

Eit godt kulturtiltak

Eirik Bakke og Vidar Vadseth

KULTUR: Vidar Vadseth (t.h.) håpar at både heimepublikumet og mannskapet til Eirik Bakke (t.v.) vil få ekstra draghjelp frå langt fleire ståande supporterar gjennom 2016-sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vadseth meiner tiltaket no er ypparleg for både supporterkulturen og tribunekulturen. Tribunen får dei billegaste billettane. Eit sesongkort kostar 500 kroner.

– Det vil gjere rekruttering mogeleg, og eg håpar folk ser at Saftkokaradn har det utruleg moro på kvar kamp. Vi håpar flest mogleg støttar opp om tiltaket, seier han.

– Kva er skilnad på å vere ein «ståande» og «sitjande» supporter?

– Fotball er engasjement, og eg står ofte heime i stova når eg ser kamp. Du får utløp for frustrasjon og glede. Det er ofte greitt med litt armplass når ein skal strekkje kroppen ved scoringar. Det er også lettare å halde varmen på kalde vår- og haustdagar.

(Artikkelen held fram under)

Supporterane vil ha meir plass til å heie på laget sitt.

LAGAR PLASS: Supporterane fjernar benkar på tribuna for å gje betre plass til å heie på Sogndal.

Potensial til å vekse

Saftkokaradn hadde i fjor 150 betalande medlemer. Facebook-gruppa har 600 medlemer. Til dei største kampane i fjor, som Brann borte og opprykkskampen på Hønefoss, bikka dei 1 000 tilreisande supporterar.

Vadseth meiner dei har potensial til å bli fleire enn dei plar vere til kvar heimekamp.

– Klarer vi å fylle halve ståtribuna i nokre kampar, i alle fall dei største kampane som mot Brann, Rosenborg og Vålerenga, så skal det bli bra stemning på Fosshaugane, seier supporterleiaren.

Magisk grense

Før seriestarten i helga nærmar klubben seg den magiske grensa på 2 000 selde sesongkort.

– Vi har aldri selt så mange sesongkort før. Målet vårt er 2 000 sesongkort og 200 ståande supporterar på kvar kamp gjennom sesongen. Og så langt ser det bra ut, seier Heggestad og håpar på ekstra liv på Fosshaugane i 2016.

– Det vil folk og dei på bana, spesifikt Sogndal-spelarane, merke, avsluttar han.