Hopp til innhold

– Stolar ikkje på sommaren i Noreg

Det har so langt vore ein trist sommar for dei som er glade i sol og gode temperaturar. Etter ei veke med sol og fint vêr, er det no meldt regn, regn og meir regn enno ein gong. Men folk er ikkje overraska over vêret, trur Anne Oline Gullaksen i Fjordane Reisebyrå.

Strand i gråvær
Foto: PETER DEJONG / AP

Det har blitt sett fleire nedbørsrekordar i år, og regnet har ført til fleire jordras. Og det ser ikkje ut til at det skal bli mykje betre i fylket den neste veka heller.

Planlegg godt

Og med so dårleg vêr skulle ein tru at det var høgsesong for spontanbestillingar av Syden-turar. Men slik opplever ikkje Fjordane Reisebyrå situasjonen.

– Me ser at folk er flinke å bestilla turar tidleg, fordi dei rett og slett ikkje stolar på den norske sommaren, seier Anne Oline Gullaksen i Fjordane Reisebyrå til NRK.

Ein lang og kald vinter med mykje snø og låge temperaturar, gjer at folk ikkje torer å satsa på at det blir fint vêr heime i ferien, trur Gullaksen. Ho seier at folk er raskt ute med å bestilla turane når dei blir lagt ut for sal tidleg på året.

– Framleis moglegheiter

– Det er alltid dei som ikkje planlegg, eller som ville ha ein fin ferie i Noreg, men so er det meldt dårleg vêr. Då blir det ofte ein spontantur til varmare strøk, og det er enno mogleg og få seg ein tur, seier Gullaksen.

– Det er alltid moglegheiter til å få sol og varme.

Me har opplevd det ganske likt frå år til år. Det er jo sjølvsagt større pågang når det er mykje regn og dårleg vêr, men me har ikkje merka noko veldig stor auke her.

Færre restplassar

Marcus Lundgren i Star Tour seier at dei har færre restplassar no enn åra før, og trur at det er på grunn av den våte sommaren i fjor.

– Me opplever eit lite trykk no av folk som vil raskt vekk, men me har færre restplassar i år enn i fjor. Folk tenkjer på sommaren i fjor og har vore flinke med å bestilla turar til varmare strøk i god tid, seier Lundgren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.