Fire millionar kroner kan brukast til andre formål dersom ein reduserer talet på fylkestingsrepresentantar frå dagens 39 til 31.
Det er konklusjonen til fylkesrådmann Tore Eriksen.
Over dei neste fem åra må fylkeskommunen kutte 234 millionar kroner i utgifter. Regjeringa vil endre inntektssystemet for fylkeskommunane, og Sogn og Fjordane kjem saman med Nordland dårlegast ut av alle. Då kan ein måte å spare pengar på, vere å redusere talet på folkevalde.
- LES OGSÅ:
20 fleire enn minstekravet
– Det er heilt naturleg at fylket vurderer dette, særleg opp mot nedskjeringane og kostnadsbiletet som vi no står overfor, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).
Minstekravet til eit fylkesting i eit fylke som Sogn og Fjordane er 19 medlemmer. Altså om lag halvparten av dagens storleik. Skal ein få gjort endringar før fylkestingsvalet neste haus, må politikarane bestemme seg før jul.
Følling ser føre seg ein gjennomgang av heile den politiske organiseringa.
– Eg trur også at vi må gå gjennom utvalsstrukturen og den politiske organiseringa og sjå på om den er korrekt. Det er lenge sidan den har vore gått gjennom, seier ho til NRK.no.
Etter dagens modell er det dei ni medlemmene i fylkesutvalet som kostar fylket aller mest. 330.000 kroner per hovud er tala fylkesadministrasjonen oppgir.
I tillegg kjem det utgifter til frikjøp og godgjersle for alle dei fire hovudutvala: Kultur, plan og samfunn, samferdsle og oppvekst. Her er er kostnaden rekna til om lag 50.000 kroner per folkevald.
(Artikkelen held fram under biletet.)
- LES OGSÅ.
Frp vil ha flest mogleg
Men ikkje alle er like lystne på å skulle bli færre i møteromma. I Framstegspartiet er gruppeleiar Frank Willy Djuvik klar på at også politikarane må bidra når det skal spinkast og sparast, men han er usikker på om løysinga er eit mindre fylkesting.
– Så lenge vi klarer å finne innsparingar innan den politiske styringa på andre måtar, så er ikkje eg i utgangspunktet villig til å seie at vi berre skal redusere talet på folkevalde. Men også vi vurderer dette. Det er klart at viss ein sparer 100.000 kroner på eitt fylkestingsmedlem, så er det 800.000 på åtte medlemmer. Det er pengar vi kan sleppe å kutte i dei vidaregåande skulane, tannhelsa eller andre ting, seier Djuvik som tidlegare har tatt til orde for å kutte i politikargodtgjersla.
- LES OGSÅ:
Høgre: – Heller ikkje politikarane kan skjermast
Fylkesadministrasjonen førebur i desse dagar ei sak til fylkespolitikarane om dei økonomiske konsekvensane av å redusere talet politikarar. Ei avgjerd som altså må skje før nyttår, dersom det skal gjelde frå valet neste haust.
– Vi må sjå på dette. Alle deler av den fylkeskommunale aktiviteten må ta sin del av nedskjeringane. Det gjeld også den politiske delen. Ingen kan vere skjerma, fastslår Høgre sin gruppeleiar Noralv Distad.
Han seier at heller ikkje Høgre har konkludert, men at partiet ønskjer ein open diskusjon.
– Det er absolutt eit alternativ å ta ned talet på fylkestingsrepresentantar for å ta ned kostnaden. Det er viktig at også vi på politisk side viser vilje til å skjere ned, poengterer Distad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Demokrati og geografi
Men eit mindre fylkesting kan gå ut over representativiteten og dermed demokratiet ved at dei mindre partia står i fare for å ikkje bli representert i fylkets øvste politiske organ. Eit anna resultat kan bli at større deler av fylket ender opp med å ikkje ha representantar med adresse i sitt område. Det er ein fare Følling i Senterpartiet har i tankane.
– Dette vil ein nok klare å få til med færre enn 39 representantar, men eg trur 19 blir for få. Men vi må sjå på dette og finne eit tal, slik også mange kommunar har gjort med kommunestyra, seier fylkesvaraordføraren.
Også Distad trur den biten skal bli tatt omsyn til.
– Eg vil tru at sjølv om ein tek ned talet på fylkestingsrepresentantar, så vil ein framleis kunne i vareta representativitet og god geografisk fordeling. Så eg er open for å diskutere færre, seier Høgre sin gruppeleiar.
- LES OGSÅ:
For Framstegspartiet blir nærleiken til politikarane blir eit viktig argument når dei helst vil halde på dagens 39 medlemmer i fylkestinget.
– Vi skal prøve å ha fylkestinget og medlemmane der så nær innbyggjarane som mogleg. Det er klart at med færre medlemmer i fylkestinget, så kjem ein lenger vekk frå innbyggjarar og veljarar, seier Frank Willy Djuvik.
Svaret på kor mange fylkestingsmedlemmer som skal veljast neste haust kan allereie vere klart når gruppeleiarane har møte 22. september, og på fylkesutvalet sitt møte 24. september.