Hopp til innhold

Raude tal for Norsk Countrytreff

Stiftinga Norsk Countrytreff har tapt eigenkapitalen og har måtte ta opp lån for å dekke opp eit underskot på 1,1 millionar, skriv Firda. Festivalen hadde to sponsorar som trekte seg, i tillegg vart artisthonorara høgare enn budsjettert og totalt var besøkstala lågare enn venta. Dagleg leiar for festivalen, Eva Hage Solstad, seier til avisa at situasjonen er krevjande og at dei må skjere ned på det meste for å dekke inn lånet og bygge opp att eigenkapitalen.