Hopp til innhold

NRK sin reporter: Lærdal sentrum ber preg av å vere ei krigssone

– Eg har aldri sett liknande, fortel NRK sin reporter. Brannen i Lærdal har spreidd seg fort og det er no eit inferno av flammar og røyk på staden.

– Situasjonen er i ferd med å bli skikkeleg ille, fortel NRK sin reporter på staden, Arve Uglum.

No vurderer mannskap på staden å ta inn gravemaskiner som kan leggje hus flate for å hindre at brannen spreier seg meir.

Brannen spreier seg mot sentrum

Busetnaden på gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte som er att av gamal tettstadsarkitektur i Noreg. I alt 161 hus på Lærdalsøyri er verna, og eitt av husa står no i full fyr.

– Brannen er i ferd med å spreie seg i retning av det som er Lærdal sentrum. Eg ser flammane lyse opp på andre sida av bygningen framfor meg no. Vinden står sterkt på og bles i retning Lærdal sentrum. Det ber rett og slett preg av å vere ei krigssone, seier Uglum.

Ein storbrann trugar heile Lærdalsøyri i Sogn og Fjordane. Brannen starta i eit bustadhus, men er no spreidd til eit større område.

Reporter Uglum skildrar det som eit inferno av flammar, røyk og gnistar.

– Når vinden står på driver det store skurar av brennande gjenstandar og glør nedover som gjer at det tek fyr i nye hus. Det er forferdeleg å seie det, men det er i retning Lærdal sentrum brannen spreier seg, fortel Uglum.

(Artikkelen held fram under videoen)

Storbrann på Lærdalsøyri i Sogn og Fjordane

SJÅ VIDEO: Brannen på Lærdalsøyri.

Blei evakuert frå bustaden sin

Politiet har evakuert heile Lærdalsøyri. Her bur om lag 300 menneske.

140 personar har no oppsøkt Lærdal sjukehus. 20 personar har røykskadar, som gjer at dei må vere der.

Andre folk blir sende til kafeen på Håbakken. Det er busstransport til Aurland fjordhotell, og fleire har oppsøkt ungdomshuset.

– Det er røyk og mykje flammar oppover fjellskråninga her. Det er så sterk vind at det blussar opp etter kvart, Runar Fardal om det han ser akkurat no.

Han blei sjølv evakuert frå området der brannen starte og sit no ned ved sjøkanten i bilen sin i lag med hunden.

Brannen starta i eit bustadhus, og no er eit tosifra tal hus i brann.

Ei skremmande oppleving

Eg hadde lagt meg for å sove fordi eg skal på jobb, men så blei eg evakuert då klokka var 23.30. Eg hadde ikkje registret at det var begynne å brenne, fortel han.

Han kledde på seg noko kle og røska med seg noko, men så gjekk straumen. Han tok då halsbandet til hunden og gjekk ut i gata.

– Det som møtte meg då eg kom ut i gata var gneistregn og ein veldig tjukk røyk, fortel Fardal.

Det er ein veldig austavind som slår innover Lærdal, kan Fardal fortelje. Synet som er framfor han no er heilt ubegripeleg.

– Det er skremmande. Aldeles skremmande. Det er ei oppleving eg aldri kjem til å gløyme, og no slår flammane opp slik som eg ser no. Her har ein langt ifrå kontroll, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Storbrann på Lærdalsøyri.

Brannen heilt ute av kontroll

– Mannskapet i Lærdal gjer alt dei kan for å halde flammane unna det verneverdige området, fortel NRK sin reporter på staden, Arve Uglum.

Han fortel at eit tosifra tal hus som brenner no.

– Det spreier seg heile tida og det kan sjå ut som at eit nytt hus tek fyr heile tida. Brannen er langt ute av kontroll, fortel han.

Vinden bles rett inn mot sentrum og røyken ligg utover heile Lærdal.