Hopp til innhold

Ryddesjau og svarte sekkar skapar søppel-kø

Avfall i svarte søppelsekker bidrar til lange bilkøar på gjenvinningsstasjonane. No kjem forbodet.

Restavfall på BIRs gjenvinningsstasjon i Espehaugen

GJENNOMSIKTIG: Denne kunden gjer som BIR ber om, og gøymer ikkje restavfallet i svarte søppelsekkar.

Foto: Ingvild Ulset / Ingvild Ulset

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Med heimekontor og heimekarantene blir det for tida mykje ryddesjau i hus og heim. Då blir det også travelt på gjenbruksstasjonane.

På Espehaugen gjenvinningsstasjon i Ytrebygda bydel i Bergen er det denne laurdagen ein fleire hundre meter lang bilkø. Dei ventande bilane står ut porten, rundt anlegget og langt ut på hovudvegen.

Men det er ikkje berre koronasituasjonen som skapar kø og kaos rundt konteinarane for avfallssortering.

Kø på BIRs gjenvinningsstasjon i Espehaugen

VENTING: Fint vêr, koronarydding og svarte søppelsekker bidrar til at bilkøen snirklar seg fleire hundre meter rundt gjenvinningsstasjonen.

Foto: Ingvild Ulset / Ingvild Ulset

– Inneheld alt mogeleg

For når folk kjem med søppelet sitt i svarte plastsekkar, tar sorteringa ekstra lang tid.

– Folk meiner det er restavfall straks dei kjem med det i ein svart sekk. Men me veit av erfaring at ein svart sekk kan innehalda både metall, papp, plankebitar og gips.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal i BIR AS, det interkommunale renovasjonsselskapet for bergensregionen.

– Me vil ha det avfallet sortert. Det verste er at ein svart eller blå sekk også kan innehalda farleg avfall, som gassbehaldarar eller batteri. Det kan gi brann og eksplosjon, og det vil me sjølvsagt ikkje ha på ein gjenvinningsstasjon. Så me vil sjå innhaldet før det blir kasta i konteinaren for restavfall.

Tor Erik Mathiesen, BIR

FARLEG: Kundevegleiar Tor Erik Mathiesen må sjekka mange svarte sekkar for å sleppa brann- og eksplosjonsfare på gjenvinningsstasjonen.

Foto: NRK

Brann og eksplosjon

Kundevegleiar i BIR, Tor Erik Mathiesen, tar ein kikk ned i den svarte søppelsekken som ein kunde kjem med.

– Ja, den ser grei ut, då kan du hiva den inn her. Godkjent.

Mathiesen har fleire gonger fått kjenna det på kroppen at ugjennomsiktige søppelsekker kan vera farlege.

– Førre veke hadde me nok ein gong ei evakuering på grunn av branntilløp. Det er jo litt tåpeleg og unødvendig at me må driva å sjekka kvar enkelt sekk.

Restavfall på BIRs gjenvinningsstasjon i Espehaugen

TRANSPARENS: – Renovasjonsselskapa ber kundane visa fram kva dei puttar i søppelsekkene.

Foto: Ingvild Ulset / Ingvild Ulset

Gjennomsiktig sekk

Derfor oppmodar BIR no kundane sine til å berre bruka gjennomsiktige søppelsekker, av omsyn til både miljøet, publikum og dei tilsette.

– Når me kan sjå innhaldet gjennom plasten kan me lettare gi råd til kundane. Med meir effektiv sortering vil mengdene til materialgjenvinning auka, og det er bra for miljøet, seier Skudal.

– Kvifor har ikkje BIR innført forbod mot dei svarte plastsekkene, slik som ein del andre gjenvinningsselskap har gjort?

– Me tar det trinnvis. 1. september blir det forbod også hjå oss. Så det er like godt å byrja å bruka dei gjennomsiktige sekkene allereie.

Dessutan oppmodar BIR folk til å komma i middagstid, for då er det ofte litt færre folk på gjenvinningsstasjonane.