Hopp til innhold

Dette arbeidet er ikkje heilt ufarleg

Det er ikkje heilt ufarleg arbeid maskinførarane har teke til på i Skredestranda.

Oppryddingsarbeidet i gang i Skredestranda.

MASKINAR: Både skogsmaskiner og gravemaskiner er i sving for å rydde i Skredestranda.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Enorme mengder jord, stein og tømmer ligg att etter kjemperaset på riksveg 15 i helga.

Måndag var tre gravemaskiner i sving for å rydde vegen. Tysdag kjem ei fjerde på staden.

– Det går bra når ein berre ser seg føre. Det er veldig blaut masse å jobbe med, så ein må ta det litt piano, seier gravemaskinførar Per Dagfinn Bjørkedal.

300 meter breidt

Vidar Solheim i Statens vegvesen.

UVISST: Vidar Solheim seier det er uvisst kor store skader vegen har fått.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Massane som kom heile vegen frå snøfjellet sopa med seg det som stod i vegen. Autovernet ligg knurva som om det var sytråd i fjæra.

I Hornindalsvatnet ligg det store mengder tømmer, og kor mykje av vegen som er øydelagd er uvisst. Raset er kring 300 meter breidt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Måndag blir det drive opprydding etter skreda som har gått over vegen i Oldedalen.

SJÅ TV-SAK: Vegen i Oldedalen vert rydda etter skreda.

– Det er store krefter som har vore i sving. Det er vanskeleg å vite kva som møter oss lenger framme, seier Vidar Solheim i Statens vegvesen.

Bergar tømmeret

Skredet kom fredag kveld, ein kveld der store nedbørsmengder førte til fleire ras og stengde vegar. Vegen langs Hornindalsvatnet blir stengd heile veka.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

– Eg har rydda ein del vegar, men har aldri sett eit så gale ras, seier Bjørkedal. Som også får god hjelp frå skogsmaskiner i ryddearbeidet.

– Om ein skal ta vare på dei vesle tømmerpinnane som er att, så må ein nesten ta dei vekk etterkvart, seier han.

Farleg arbeid

Raset i Skredestranda.

RASET: Raset er kring 300 meter breidt.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Men arbeidet er ikkje heilt ufarleg. Av omsyn til arbeidarane sin tryggleik, føregår arbeidet berre i dagslys.

– Det er ikkje berre å gå inn i raset og tru at du set trygt. Her er både store grantre og store steinar. Det som ser fast og fint ut, kan vere våte demningar, seier Bjørkedal.

Seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen seier dei har mange maskiner i sving under oppryddingsarbeidet etter den våte helga.

– Ein større jobb

300 meter av vegen langs Skredestranda ser slik ut.

ØYDELAGT: Autovernet er knurva som ein sytråd.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Riksveg 15 er ein større jobb. Vegen er delvis skadd, men vi veit førebels ikkje kor mykje, seier ho og vedgår at uvêret har øydelagt fylkes- og riksvegar for fleire millionar kroner.

Også i Oldedalen er det venta at oppryddingsarbeidet vil ta nokre dagar. Vegen blir i alle høve ikkje opna måndag.

Desse vegane er stengde:

  • Rv 15 Skredestranda. Stengd på grunn av oppryddingsarbeid. Anbefalt omkøyring via E39 og Fv 60. Vegen kan bli stengd heile veke 47.
  • Fv 13 Langeteig - Renndalen (Balestrand). Steinras.
  • Fv 13 Gaularfjell. Snøskred.
  • Fv 53 Midnestunnelen (Årdal). Vegarbeid.
  • Fv 724 Yri, på strekkja Briksdal - Olden (Stryn). Steinsprang.
  • Fv 55 Sognefjellet. Nattestengt.
  • Fv 243 Aurlandsfjellet. Vinterstengt
  • Fv 258 Gamle Strynefjellsvegen. Vinterstengt.