Stemmesetlane til RV mangla då pasientane ved Kysthospitalet på Hagavik skulle førehandsstemma, skriv BT.
Frp-ordførar Terje Søviknes, som óg er leiar for valstyret, ber om orsaking for glippen.
Trur det kan vera valjuks
Listetopp og leiar i RV, Torstein Dahle, seier partiet ser svært alvorleg på saka.
- Det er rett og slett uakseptabelt, og kan i våre auge vera noko som ikkje er tilfeldig, seier Dahle.
No vurderer dei kva dei skal gjera med saka.
- Det er eit problem at me ikkje kan utelukka at det er valjuks, presiserer han.