Hopp til innhold

Hadde sett skrekkfilm – truga livredd familie med juling

Ungdommane hadde sett skrekkfilm og ville inn på det gamle sanatoriumet. Men då møtte dei ein familie frå Halden.

Harastølen

SPENNING: Det gamle sanatoriumet på Harastølen er blitt eit populært reisemål for folk på jakt etter spøkelse og spenning.

Foto: Harastølen Hotell

– Dei var veldig ubehagelege og truande. Dei truga med å banke oss, seier Nina Røsnæs frå Halden.

I helga budde ho i ein bubil på Harastølen saman med ei veninne og mannen hennar, og det seks år gamle barnet deira.

Nye eigarar av sanatoriumet vil sette det i stand att. Haldensarane var der for å hjelpe til.

Vakna av lydar

Røsnæs fortel at dei vakna av lydar utanfor bilen. Dei stod opp og oppdaga at fleire ungdommar med lommelykt forsøkte å ta seg over gjerdet rundt bygningen.

– Vi åtvara dei mot å ta seg inn på området på grunn av faren for å skade seg, og at det var ulovleg å ta seg inn på det avsperra området. Men dei brydde seg ikkje. Det var mykje skriking og bråk.

– Det var skremmande. Vi var jo livredde for at seksåringen skulle vakne.

Det var Sogn Avis som fyrst omtala saka.

Nina Røsnæs

SKREMD: Nina Røsnæs har brukt mykje tid på å rydde rundt byningane på Harastølen. Men sist helg vart ho skremd av fulle ungdommar som ville bryte seg in.

Foto: Privat

Hadde sett «Villmark 2»

Sanatoriumet ligg på ei fjellhylle 500 meter over Lustrafjorden, og opna i 1902.

Det var lenge eit av dei største spesialsjukehusa i landet, men har dei siste 20 åra stått til forfall.

Av same grunn har sanatoriumet til eit populært reisemål for spøkelsesjegerar.

Harastølen

FORFALL: Bygningen ber preg av at det er mange år sidan den vart brukt til noko. No har dei nye eigarane starta opprydding av området.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

NRK skreiv i sommar om ein kjendisbloggar som vart politimeld for å ha brote seg inn i bygget.

Dei ubedne gjestene denne helga fortalde at det hadde sett «Villmark 2». Skrekkfilmen vart spelt inn her for fem år sidan.

– Det er jo veldig trist. Dette er ein historisk bygning som må behandlast med respekt. Det er leit at folk kjem berre for å knuse vindauge og gjere hærverk, seier Røsnæs.

Båre og rullestol

ANNA TID: Alt frå senger til rullestolar står framleis att inne i bygningen, som no skal bli til hotell.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kom tilbake tre gonger

I sommar blei det klart at det gamle sanatoriumet skal bli til hotell.

I helga var både investor og eigar Terje Svindland på plass for å rydde i og rundt bygningen.

Også han hadde ein konfrontasjon med ungdommane.

– Dei hadde ein aggressiv tone. Vi prøvde å forklare at vi eig plassen. Det var først då vi sa at politiet var på veg at dei stakk frå staden, seier Svindland.

Sjukehussenger, medisinsk utstyr, alterring og rullestolar står framleis att inne i hovudbygningen, og vitnar om det som ein gong var.

– Det er farleg å vere inne i bygningen. Det er hol i golvet som dei kunne ha falle gjennom, seier Svindland.

Harastølen

RYDDE: Dei nye eigarane arbeidar med å rydde vekk gamalt rot frå området.

Foto: PRIVAT

14 ungdomar

Store deler av vegen opp til Harastølen er kommunal, og ein bom har tidlegare vore oppe til diskusjon.

Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp) kjem med ei klar oppmoding til alle som tar seg forbi sperringane.

– Harastølen må få vere i fred. Eg ber folk om å respektere dei nye eigarane. Ikkje gå inn i andre sine hus, seier han.