Robert Plant vert eit av hovudnamna på plakaten til Bergenfest 2014. Torsdag 12. juni returnerer den verdskjende vokalisten til Bergen.
Denne gongen har Plant med seg bandet The Sensational Space Shifters. Saman spelar dei mellom anna nye variantar av klassiske Led Zeppelin-låtar, der det vert henta inspirasjon frå mellom anna afrikansk trance, psykedelia og dansebeats.
- LES OGSÅ: |
Slo an i England
Bandet består av den vestafrikanske musikaren Juldeh Camara, Skin Tyson og Justin Adams på gitar og John Baggot. I rytmeseksjonen kjem det djupe skyv frå bassist Billy Fuller og trommeslagar Dave Smith.
Britane likte det dei fekk servert då bandet spelte i London på seinsommaren. Dei som er store fans av Led Zeppelin kan ifølgje avisene The Independent og The Guardian (som gav konserten 4 av 5 poeng) forvente seg nye versjonar av klassikarar som "Black Dog", "Going to California" og "Whole Lotta Love".
Sjå "Black Dog" i heilt ny drakt:
Bergenfest vert arrangert mellom 11.–15. juni neste sommar. Det er fire scener på Bergenhus festning som vert tatt i bruk. Frå før av er artistane Billy Bragg, The Dillinger Escape Plan, Agnes Obel og Graham Parker & The Rumour booka til festivalen.
Konserten på Bergenfest vert Robert Plant sin einaste opptreden i Noreg sommaren 2014.