Hopp til innhold

Var stengd i 15 timar - no er riksveg 5 opna att

Raset som har sperra riksveg 5 mellom Førde og Florø sidan måndag kveld er i ferd med å bli rydda. Vegen er venta opna klokka 13.

Ras på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

STENGT: Riksveg 5 er stengd mellom Førde og Florø grunna eit steinsprang kring 15 kilometer aust for Florø.

Foto: Statens vegvesen

Vegen har vore stengd ved Sundefjellstunnelen, kring 15 kilometer aust frå Florø, sidan 22.30-tida måndag kveld.

Kring fire kubikk stein har losna og kome ned frå fjellsida. Vegtrafikksentralen opplyser i 12.30-tida at vegen blir rydda og er venta opna klokka 13.

– Det er dårlege meldingar for føremiddagen. Det er meldt mykje nedbør, så det er usikkert når vi får komme opp og vurdere sleppområdet, seier prosjektleiar drift hos Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen.

Må sjå frå helikopter

Ras på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

FIRE KUBIKK: Det har kome ned fire kubikk stein som har lagt seg i austgåande køyrebane.

Foto: Statens vegvesen

Steinen som har kome ned dekkjer eine køyrebana. Det er tale om ei stor steinblokk på kring ein kubikk, samt fleire mindre steinar. Steinane skal liggje konsentrert i vegbana.

Det er ingen omkøyringsmoglegheiter, og dei som står i kø må bu seg på fleire timar der – eller snu.

– Eg reknar med at vi må opp med helikopter, og det er lågt skydekke i området. Vi har ikkje stadfesta at vi får komme opp med helikopter, seier Karlsen.

Drosjesjåfør Hege Brandsøy fekk i natt tilbod om å passere raset saman med kunden som sat i bilen.

– Steinane låg i køyrefeltet frå Florø. Dei var så pass store at eg ikkje klarte å flytte på dei med handmakt, i alle fall. Eg må vedgå at eg ikkje kjende meg veldig høg i hatten, vedgår ho.

Det vart tidleg tysdag morgon sagt at vegen ikkje ville opne før klokka 09. Geologen var då venta til staden.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mesta har hatt folk inne for å vurdere situasjonen på riksveg 5 mellom Florø og Førde. Kring fire kubikk stein har kome ned i vegbana kring 15 kilometer aust for Florø.

SJÅ VIDEO: Mesta har hatt folk inne for å sjå rasstaden frå vegen. (FOTO: Eli Eikenæs Vengen/NRK)

No blir vegen truleg ikkje opna før i ettermiddag.

– Med dei nedbørsmengdene som er meldt, så må vi vere heilt trygge på at det er trygt. Vi må forsikre oss om at sleppområdet er reint og stabilt før vi opnar, seier han.

Stengt utover dagen

Raset har gått kring 300 meter lenger vest enn då det rasa i august. Då var vegen stengd i kring eit døgn. Karlsen reknar med at det ikkje vil gå lange tida å rydde raset, når geologen har gjeve klarsignal.

Av dei sju vegane som i morgontimane var stengde, er fylkesveg 602 mellom Vangsnes og Feios opna att.

– Når det gjeld 609 Heilevang mellom Førde og Askvoll, og fylkesveg 616 Dombestein–Davik, så blir desse truleg stengde utover dagen grunna ganske mykje nedbør framover, seier Roger Nedberge Hille hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Slik er stoda på vegane kl. 13

  • Fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Stryn, grunna flaum.
  • Fylkesveg 92 mellom Arnafjord og Vikøyri. Stengt frå klokka 17 grunna fare for ras.
  • Fylkesveg 422 ved Osen bru, grunna flaum. Må vente til vatnet har trekt seg attende.
  • Fylkesveg 572 mellom Svelgen og Dyrstad grunna ras. Her blir det gjort nye vurderingar seinare i dag.
  • Fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll grunna rasfare. Her blir det gjort ny vurdering i ettermiddag.
  • Fylkesveg 610 i Viksdalen grunna mykje vatn i vegbana. Må vente til vatnet har trekt seg attende.
  • Fylkesveg 615 mellom Sandane og Storebru. Stengt ved Holme for mindre bilar ved Holme grunna vatn i vegbana. Store køyretøy kan passere.
  • Fylkesveg 720 mellom Hjelleøyane og Erdal. Stengt på grunn av fare for ras.
  • Fylkesveg 724 mellom Briksdal og Olden. Stengt på grunn av flaum.
Ras på riksveg 5