Hopp til innhold

– Kriminaliteten har flytta seg frå gata til data. Det har dessverre ikkje politiet

Riksrevisor Per-Kristian Foss er knallhard i sin kritikk mot politiet og det han meiner er deira manglande evne og kapasitet til å etterforske overgrep og annan kriminalitet på nettet.

Politietterforsker

ALVORLEG: Riksrevisjonen meiner at politiet i alt for liten grad har klart overgangen frå gatekriminalitet til datakrim.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Kriminaliteten har flytta seg frå gata til data. Det har dessverre ikkje politiet, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Han kjem no med knallhard kritikk av politiet sitt arbeid mot nettkrim.

Ein stadig større del av kriminaliteten blir utført på nett utan at politiet har klart å halde følgje med utviklinga, viser Riksrevisjonens nye undersøking.

NRK har dei siste dagane sett på korleis ein mann frå Innlandet kunne ha kontakt over nett med mindreårige – utan at politiet greip inn.

– Politiet har vore budsjettvinnar dei siste åra, men politireformen burde ikkje føre til stillstand, men heller skape større fart i utviklinga, seier riksrevisor Per-Kristian Foss til NRK.

Han meiner blant anna at politidistrikta i langt større grad må samordne både innsats, kompetanse og utstyr.

Riksrevisor Per-Kristian Foss.

KRASS KRITIKK: Riksrevisor Per-Kristian Foss meiner evna politiet har til å avdekkje og oppklare datakriminalitet har klare svakheiter som samla sett er alvorlege, viser Riksrevisjonens nye undersøking.

Foto: Sunniva Lindjord / NRK

– I lita grad prioritert

Riksrevisjonens undersøking viser at evna politiet har til å avdekkje og oppklare datakriminalitet/IKT-kriminalitet har klare svakheiter som samla sett er alvorlege, skriv dei i rapporten som kom i dag.

Datakriminalitet har i lita grad vore prioritert av Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet, meiner Riksrevisjonen.

Riksadvokaten har over fleire år peika på at seksuelle overgrep mot barn og unge på nett er eit aukande samfunnsproblem. Dette har derfor vore eit prioriterte felt.

Undersøkinga viser at politiet avdekkjer fleire offer og saker, men at dei er langt unna å forfølgje den aukande mengda tips som kjem inn, meiner riksrevisor Per-Kristian Foss.

– Manglande oppklaring

Riksrevisjonen meiner funna dei har gjort er alvorlege, og konkluder blant anna med følgjande:

  • Politiet manglar kompetanse innanfor etterforsking av datakrim
  • Tiltaka for å styrke politiet heng ikkje tritt med utfordringane
  • Ineffektiv ressursbruk og manglande oppklaring
  • Manglande samordning mellom politidistrikta
  • Politiet manglar oversikt over datakrim
  • Tips og etterretning om nettovergrep aukar og utfordrar politiet sin kapasitet
  • Datakrim har i liten grad vore prioritert av Politidirektoratet og Justisdepartementet

– Nasjonal styring for svak

Dei ulike politidistrikta og Kripos samarbeider òg i lita grad om å utnytte og dele kunnskap frå etterforsking av datakriminalitet, meiner Riksrevisjonen.

– Det burde dei gjort. Seksualforbrytarar på nett tek ingen omsyn til grenser, og mange av dei går nok under radaren fordi saker kan verke små og ubetydelege i eit enkelt område, medan dei i røynda har eit stort omfang nasjonalt eller internasjonalt. Her er den nasjonale styringa og samordninga for svak, seier Foss.

I tillegg viser undersøkinga at det er utfordrande å rekruttere og behalde etterforskarar med kompetanse på etterforsking av seksuelle overgrep på nett.

Politiet legg seg flate

Avdelingsdirektør for politifagavdelinga i politidirektoratet Bjørn Vandvik seier at det ikkje er noko i rapporten til Riksrevisjonen han tykkjer er urimeleg eller urettferdig.

– No skal vi setje oss ned og lese rapporten, men i utgangspunktet tenkjer eg at det er mange nyttige tilbakemeldingar i rapporten, og ein del er vi allereie i gang med.

– Har de teke utofrdringa med datakriminalitet på alvor?

– Det har vore andre kriminalitetsområde som og har vore viktig å prioritere, men denne rapporten syner at i framtida er vi nødt til å gjere endå meir for å bli betre på desse utfordringane, seier Vandvik.

Legg fram ny strategi

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) skriv i ein e-post at rapporten til riksrevisjonen syner kor viktig det er at politiet er tilstades i den digitale verda.

– Dette har vore regjeringa sine argument heile tida. Vi må tilpasse politiet til ein ny kvardag, seier Mæland og syner til Politimeldinga som blei oversendt Stortinget i juni 2020.

Ho peikar også på at politiet sitt nasjonale cyberkrimsenter er etablert og kampen mot datakrim er eit prioritert område.

– Om kort tid til eg legge fram ein eigen strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn. Den skal legge grunnlaget for politi, hjelpeapparat og øvrige aktørar samordnar sitt arbeid, slår Mæland fast.

Men Arbeidarpartiet er ikkje vidare imponert regjeringa si innsats på feltet. Justispolitisk talsperson, Lene Vågslid, meiner at rapporten frå Riksrevisjonen no må takast på alvor.

– At vi vi no også ser svikt innanfor digital kriminalitet, får meg til å lure på kvar dei har gjort av den «historiske styrkinga av norsk politi», som blir nevnt i festtalar, seier Vågslid.

Les også: 12 år gamle Stine blei valdteken – vaksne Stine samla bevis mot overgriparen og fekk han dømd