Hopp til innhold

Klimaendringar gjer at kulturminne forfell: – Det hastar å gjere tiltak

Viktige kulturminne langs kysten kan gå tapt. Riksantikvaren kjem med ny bevaringsplan, men utan å love pengar til vedlikehald.

Anette Holmen i Vågsberget.

FORFELL: Det gamle sjøhuset er ikkje i god nok stand til at det kan vere ope for besøkande.

Foto: Henning Levold / NRK

– Huset er i for dårleg forfatning til at vi kan ha besøkande her inne, seier Anette Holme, leiar for Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

På golvet ligg sponplater og teglsteinen på taket er blitt erstatta av blikktak medan ein ventar på at det skal bli bytta. Mellombelse søyler støttar konstruksjonen.

På Vågsberget, nesten ute i havgapet, har vêr og vind gjort sitt for at det over hundre år gamle sjøhuset no er i dårleg stand.

– Vi snakkar om villare og våtare, men her ute har det alltid vore vilt og vått. No blir det enda villare og våtare.

Kulturminne langs kysten er meir utsett for klimaendringar enn andre kulturminne. Mange av bygningane er i dag i dårleg forfatning og dersom dei skal bli bevart for ettertida må dei bli sette i stand. Det seier forskarar på feltet.

Dronebilete av Vågsberget

Handelsstaden Vågsberget har eksistert sidan 1600-talet. Taket på sjøhuset er eit mellombels blikktak.

Foto: Steinar Lote / NRK

Viktige kulturminne kan gå tapt

Vi er i ferd med å miste viktige kulturminne og kulturmiljø grunna klimaendringane som er i full gang. Det hastar å komme i gang med vern. Det seier Cecilie Flyen, forskar ved Norsk institutt for kulturminneforsking.

Ho peiker på at mange kulturminne som naust, sjøhus og brygger treng vedlikehald. Endringar i klima gjer at det hastar enda meir å gjere tiltak.

– Med klimaendringane vil ikkje kulturminna nødvendigvis klare å handtere dei påkjenningane dei kjem til å bli utsette for. For å takle klimaendringane må dei bli sikra, halde ved like og sette i stand.

Sjøhuset på Vågsberget. Knuste vindauge og tak som må bli bytta.

Taket, vindauga og veggane ber preg av eit krevjande klima. Med klimaendringane kan dette bli enda meir krevjande.

Foto: Henning Levold / NRK

Riksantikvaren med ny plan

Klimaendringane er ein av grunnane til at Riksantikvaren no har laga forslag til ny bevaringsstrategi for kulturminne langs kysten.

– Det hastar absolutt. Både med tanke på at klima blir våtare og at bygningar forvitringar raskare, men også med tanke på at samfunna langs kysten endrar seg, seier Dag Erlend Lohne Mohn, prosjektleiar for bevaringsstrategiar hos Riksantikvaren.

– Nokre bygningar og andre installasjonar er ikkje lenger i bruk. Dette gjer bevaring meir utfordrande.

Bevaringsstrategien skal ifølge Riksantikvaren «bidra til å finne gode, langsiktige løysingar for bevaring og berekraftig bruk og forvalting.»

Anette Holme på Vågsberget

Sjøhuset er sikra medan ein ventar på at det blir gjort vedlikehaldsarbeid.

Foto: Henning Levold / NRK

Kan ikkje love pengar

Riksantikvaren sender no forslaget til bevaringsstrategi på høyring. Sjølv om det skal bli satsa på kysten, kan dei ikkje love friske midlar til bevaring. Ifølge Mohn vil dei midlane Riksantikvaren allereie rår over truleg bli retta meir inn mot kysten.

Samstundes håpar han kysten vil kunne få pengar frå andre aktørar:

– Dette ein brei invitasjon til samarbeid med alle dei aktørane som kan ha ressursar å bidra med. Dette er ein stor moglegheit for frivilligheita og myndigheiter langs kysten til å hive seg på.

Anette Holme på Vågsberget

Holme håpar å kunne opne sjøhuset for besøkande. Når det vil bli mogleg veit ho ikkje.

Foto: Henning Levold / NRK

– Håpar på meir midlar

Foreininga Kysten er glad for at det no blir sett fokus på kulturminne langs kysten. Samstundes håpar dei at det auka fokuset skal bli til meir enn berre prat.

– Eit av ankepunkta mot Riksantikvaren sine bevaringsstrategiar er det at dei ikkje kjem med nokon lovnader om at økonomien skal styrkast, seier generalsekretær Per Hillsund.

– Vi håpar på at større fokus vil skape meir midlar, men det er sånt ein aldri veit.

Også på Vågsberget håpar Anette Holme at bevaringsstrategien skal føre med seg meir midlar til å sette mellom anna det gamle sjøhuset i stand.

– At bygga våre skal kunne vere ope for publikum, det er den draumen eg ber på. Vi ønsker å kunne gi den opplevinga det er å gå rundt i slike gamle hus.