Hopp til innhold

Ulovleg oppsagd etter ytringar om transpersonar – meiner dommen sender eit tydeleg signal

Rianne Vogels blei ulovleg oppsagd fordi ho ytra seg om transpersonar. Dommen sender eit tydeleg signal, seier leiar for Ytringsfriheitskommisjonen.

Rianne Vogels

OPPSAGD: Rianne Vogels mista jobben etter å ha ytra seg om transpersonar. Det var ikkje ei gyldig oppseiing, meiner tingretten.

Foto: Valentina Baisotti

I tingretten meinte arbeidsgivaren Papillon at Rianne Vogels skada omdømmet deira med aktiviteten sin på sosiale medium, og at dei derfor kunne seia ho opp.

Retten måtte ta stilling til eit sentralt spørsmål: Kvar går grensa for kva ein kan ytra seg om på Twitter?

Det var i mars i fjor at Rianne Vogels fekk sparken frå organisasjonen Papillon. Grunnen var at ho hadde ytra seg om transpersonar på Twitter.

Etter oppseiinga valde ho å saksøka sin tidlegare arbeidsgivar for usakleg oppseiing.

No har tingretten bestemt at oppseiinga av Rianne Vogels er ugyldig.

Det sender eit tydeleg signal til norske arbeidstakarar, meiner leiar for Ytringsfriheitskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum.

– Denne dommen har veldig mykje å seia fordi det er ein farleg høg usikkerheit i arbeidslivet i Noreg i dag. Veldig mange let vera å delta i debattar fordi dei er redde for konsekvensane.

Kjersti Løken Stavrum

Kjersti Løken Stavrum.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ho trur dommen kan vera med å betra den situasjonen, fordi han sender eit tydeleg signal til dei som er usikre på om dei har ytringsfridom som arbeidstakarar.

Arbeidsgivar vurderer å anka

Papillon må betala 60.000 kroner i erstatning for usakleg oppseiing til Vogels, i tillegg til sakskostnadane på 537.514 kroner.

Det var BT som omtalte dommen først.

– Eg er glad for denne dommen. Me fekk medhald på alle punkt, og det var som me venta, seier Vogels til NRK.

Ho var tidlegare leiar for strategi og økonomi i Papillon. Også ho meiner dommen sender eit tydeleg signal.

– For arbeidstakarar er det viktig å kunna delta i pågåande samfunnsdebattar, også om krevjande tema, seier Vogels til NRK.

Organisasjonen har ifølgje dei sjølve som mål å styrka krysskulturelle, unge jenter og kvinner til å stå i eigne val og å vera ein møteplass for nettverksbygging og rettleiing.

Trine Lise Fromreide er partnar i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig. Ho representerte Papillon i rettssaka.

Ho seier dei heilt klart vil vurdera å anka.

– Me ser at dommen ikkje omtalar viktige delar av bevisføringa for kvifor Papillon har gitt arbeidstakar moglegheit til å endra sin aktivitet. I tillegg er me ikkje einige i dei arbeidsrettslege vurderingane som går fram av dommen på dette punktet, seier Fromreide.

Hoviser til at dei er ueinige i at retten meiner Papillon må pålegga arbeidstakaren å endra aktiviteten sin før dei kan seia vedkomande opp.

Leila Rezzouk i Papillon

Dagleg leiar i Papillon, Leila Rezzouk i Hordaland tingrett.

Foto: Valentina Baisotti

Ho peikar elles på at dei er glade for at Papillon har blitt høyrde i dommen.

– Retten uttalar at det vil vera direkte øydeleggande for Papillon sin aktivitet med personar i sine rekkjer som blir oppfatta som fordomsfulle og ikkje-inkluderande.

Arbeidsgivar vart varsla

I retten blei fleire av Twitter-meldingane til Vogels presenterte, i tillegg til delingar eller «likes» av andre sine ytringar.

Vogels hadde mellom anna ytra seg kritisk rundt hormonell behandling av barn som identifiserer seg som eit anna kjønn enn deira biologiske kjønn.

Ein av tweetane Vogels hadde interagert med skildra korleis ein «mannleg hallik» blei utnemnd til kvinnerettsforkjempar av eit amerikansk motemagasin.

Denne blei trekt fram av Papillon sine advokatar. Dei la vekt på at vedkomande identifiserte seg som kvinne, men likevel blei omtalt som ein mann i tweeten.

Då Papillon sa opp Vogels viste dei til at ho hadde valt å gå ut offentleg og ta standpunkt i spørsmål om transpersonar på ein måte som dei meinte måtte sjåast som illojalt mot arbeidsgivaren og kjerneverdiane til organisasjonen.

I februar 2022 oppretta Vogels ein konto på den kontroversielle plattforma Gettr som blei lansert i juni 2021.

Ho forklarte at ho stort sett byrja å følgja kvinner som hadde delteke i kjønnsdebatten på Twitter, men som var blitt utestengde derfrå.

Ho publiserte aldri noko sjølv og sletta kontoen etter elleve timar.

Likevel fekk Papillon eit varsel på e-post frå ein «Ron Scofield» om at Vogles hadde registrert seg på Gettr. Han meldte òg at ho hadde skrive meldingar som latterleggjer transpersonar på Twitter.

Det var dette varselet som starta dialogen som enda i oppseiinga.

Screenshot e-post varsel til Papillon om Rianne Vogels
Foto: Privat

Dagleg leiar i Papillon, Leila Rezzouk sa i retten at dei forstod at ytringane var ekskluderande.

– Me såg dette som veldig alvorleg for omdømet til organisasjonen, sa ho då ho forklarte seg.

Vogels sa at ho ikkje kjende seg att i skildringa av ekskluderande ytringar.

Ho meinte ytringane hennar stort sett var «kunnskapssøkande og kunnskapsdelande».

Rettssaka gjekk over fire dagar i Bergen i mars i år.

Les også Fikk sparken etter å ha ytret seg om transpersoner: – Sterke reaksjoner jeg ikke forstår

Rianne Vogels

– Ein liknande dom i Storbritannia har fått stor betyding for både arbeidsgivarar og arbeidstakarar, seier Vogels og viser til den britiske forskaren Maya Forstater.

I 2019 vart det kjent at Forstater ikkje fekk fornya arbeidskontrakten si på grunn av Twitter-ytringar om at biologisk kjønn ikkje kan forandrast, og dermed om transkvinner kan reknast som kvinner.

I fjor skreiv The Guardian at Forstater vann fram i andre runde i retten.