Hopp til innhold

Måtte avlive «Mannheller-reven»

Den mykje omtala raudreven på ferjekaien på Mannheller, er avliva.

rev på Mannheller

AVLIVA: Det er slutt på «Mannheller-reven» sitt søte liv på ferjekaien på Mannheller. I førre veke vart den avliva på grunn av skabb.

Foto: Kjell Grønli

"Reven på Mannheller" har gledd mange reisande og mannskap på ferjesambandet dei siste åra.

Måndag skriv Sogn Avis at den ureddde og folkekjære reven fekk skabb og vart avliva sist veke.

- Eg tykte det var kjedeleg. Han var ein tillitsfull rev som alle hadde glede av, seier skipper ombord på Stryn, Svein Fossmo, til NRK.

Forsynte seg frå natta

Til faste tider på døgnet har reven dukka opp på kaien og oppsøkt folk i håp om å få seg ein matbit. Den har også forsynt seg frå søppelet på kaien.

- Det gjekk heilt fint. Først kasta eg ein bit til den, så la eg skiva i handa og lokka på den. Eg var litt spent på om den ville bite, men tok sjansen. Og reven var veldig forsiktig. Det virka som om den visste kva som var fingrar og kjøttpålegg, kunne Kjell Grønli fortelje etter møtet i mai i fjor.

Vart med ferja

Ved eitt høve vart den også med mannskapet på «Stryn» over fjorden til Fodnes og attende.

- Vi var sympatiske og han slapp å løyse billett. Den var forbausande roleg. Vi hadde vår fulle hyre å halde han ombord slik at vi fekk han med oss attende til Mannheller, kunne skipper Fossmo fortelje etter den uvanlege ferjepassasjeren for halvanna år sidan.

Hadde ikkje val

Reven på Mannheller blir fora

MATBIT: Reven var til stor glede både for reisande og mannskapet på ferjene.

Foto: MMS-tipsar

For nokre veker sidan såg mannskapet ombord på ferja «Årdal» at noko var gale med reven som tidlegare framstod som staseleg og tam.

Reveskabb fører mellom anna til mykje plage med tap av pels, utmagring og infeksjon.

- Reven var i nærkontakt med menneske og hundar og soleis var smittefaren reell, seier Eva Huke, viltansvarleg i Sogndal kommune, til Sogn Avis.

Blir sakna

- Den hadde fått skabb, så den måtte avlivast. Det er det ingen tvil om, men det er klart at det var litt trist, seier Fossmo til NRK.

No håpar han at ein annan rev kan "slå seg til" på ferjekaien. Reven som no vart avliva, er den andre som har oppsøkt folk på kaien. Den blir sakna.

- Den var jo triveleg å ha der. Begge revane vi har hatt gåande der har vore tillitsfulle. Det kan jo hende at det kjem nokre reveungar igjen, seier han.