Hopp til innhold

Rekordvarm desember fleire stader på Vestlandet

Vestlandet viste seg frå ei usedvanleg varm side laurdag, berre eit par dagar unna julaftan. Fleire varmerekordar fall.

Temperaturrekordar for fall på Vestlandet

VARM DESEMBER: Lyst å sveitte til jul? Vêret har funne ei løysing!

Grafikk: Meteorologisk institutt

Fem yngre målestasjonar på Vestlandet målte rekordvarme desember-temperaturar:

  • Mjølfjell i Voss: 9,6 grader (tidlegare 9,3)
  • Sogndal lufthamn: 9,4 grader (tidlegare 9,2)
  • Førde lufthamn: 12,1 grader (tidlegare 10,7)
  • Sandane lufthamn: 14,8 grader (tidlegare 14,2)
  • Kroken i Stryn: 14,4 grader (tidlegare 13,3)

– Det er heilt klart høge temperaturar. Dette er målestasjonar som blei starta frå 1999 til tidleg 2000-talet, så dei er 15–20 år gamle. Så det seier seg sjølv at det er varmt til å vere desember, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Laster Twitter-innhold

Lenger nord, i Møre og Romsdal, var det fleire plassar enda varmare, men ingen rekordar. I Ålesund passa det godt med is, tykte fleire.

– Det er veldig spesielt. Ungane valde is, men det passa med temperaturen. At vi kan sitje ute slik som dette, er heilt fantastisk, seier Rakel Fylling.

Rakel Fylling og døtrene Jenny og Selma Fylling Sletta

JORDBÆR-IS: Mamma Rakel og døtrene Jenny og Selma hadde teke turen frå Sula til Ålesund. Jordbær var ein av smakane dei kosa seg med.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I Ålesund var det rundt 14 grader på det varmaste, ein temperatur som går igjen på mange målestasjonar i Møre og Romsdal denne dagen.

Gunstig sønnavind gir føneffekt

Det er fønvind som må til for at temperaturane skal bli så høge. Det er ein varm, tørr og ofte kortvarig vind som fell nedover ei fjellside. Fleire stader i Møre og Romsdal ligg gunstig til for slike vindar – og dermed høge temperaturar.

Tafjord i Fjord kommune er ein slik stad. I dag blei det 17 grader der, den fjerde varmaste desembertemperaturen på 70 år!

– Møre og Romsdal har veldig høge rekordar frå før, og vi skal berre vere glade for at vi ikkje slår rekordane, synest meteorolog Bente Wahl.

Temperaturmålar i Førde laurdag 19. desember 2020

VARMT I FØRDE: Når det er 14,5 grader i Førde 19. desember, tek ein bilde av det!

Foto: NRK-TIPSAR

Usikkert julevêr

Møre og Romsdal har den nasjonale varmerekorden for desember, med 18,3 grader målt i 1998. Det er ein rekord som kan ryke denne jula.

Men elles er julevêret veldig usikkert. Meteorolog Anne Solveig Andersen trur vi har fått oppleve denne desemberen på sitt varmaste enn så lenge.

– Når vi kjem til vesle julaftan og julaftan er det andre temperaturar vi ser, seier ho.

For dei som likar slikt, så kan det til og med bli litt snø, særleg i indre delar av landet og på fjellet.

Viss du vil bli plaga med fakta om kvifor det stadig sjeldnare blir kvit jul, må du lese denne artikkelen.