Hopp til innhold

Det går mot rekordvarm førjulshelg

Til helga blir det mildvêr over store delar av landet. Det blir så høge temperaturar at ein varmerekord frå 1998 kan stå for fall.

Sunndalsøra sett fra helikopter mai 2020

REKORDVARMT: På Sunndalsøra på Nordmøre kan det bli rekordvarmt i helga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Eit lågtrykk frå sør har med seg mykje varm luft, noko som vil føre til høgare temperaturar fredag og spesielt laurdag over store delar av landet. Særleg på Møre og Romsdal og i sørlege delar av Trøndelag kan det bli varmt i helga.

– Der er det såpass varm luft som kjem, så det kan bli opp mot 17 grader. Om ein i tillegg får fønvindeffekta som gir ei tørr og varm luft på lesida av fjella, så kan rekorden på 18,3 grader frå Sunndalsøra 1. desember 1998 ryke, seier statsmeteorolog Pernille Borander.

Det vil i så fall ikkje vere første gong at kommunen slår rekordar.

Laster Twitter-innhold

Mildt også i fjellet

Statsmeteorologen seier at det milde vêret vil merkast fleire stadar i landet. På Vestlandet vil temperaturen ligge på rundt 10–12 grader på laurdag, medan Austlandet vil få rundt 5–7 plussgrader. I indre strøk av Nord-Norge og Finnmark vil det framleis vere minusgrader.

Pernille Borander

MILDVÊR: Statsmeteorolog Pernille Borander seier det blir mildt over store delar av landet i helga.

Foto: Magne Velle/Meteorologisk institutt

– På Finnmarksvidda og i aust-Finnmark vil det vere i alle fall minus 15 grader, medan det blir 17 til 18 plussgrader på Nordvestlandet. Så vi får ein relativt stor kontrast i helga, seier Borander.

Sjølv i fjellet blir det mildt i helga.

– Det kan kome regn under 1500 meter, så det blir ganske vått og kjipt i fjellvêr for dei som vil ut og nyte ein skitur.

Ho seier vidare at snøen i fjellet får seg ein medfart i helga, men at det ikkje blir så gale at snøen forsvinn heilt.

Laster Twitter-innhold

Lite snø i vente

Med ei veke til jul er det mange som er spent på utsiktene til ei kvit julefeiring. Borander fortel at temperaturen blir lågare etter helga, men at det likevel ikkje er alle som er garantert snø på julaftan.

Rim

RIM: Austlandet kan få rim som følge av klarvêr og minusgrader på julaftan.

Foto: Bildehagen

– Det blir gradvis kjøligare og tørrare vêr utover veka. I Trøndelag og nordover, der det blir minusgrader på julaftan, kan det kome eit dryss med snø. Det blir ikkje mykje, men det kan bli kvitt på bakken.

Mildvêret som kjem i helga vil ikkje påverke dei nordlege delane av landet i særleg grad og snøen som allereie har kome blir liggande, fortel meteorologen. Sør for Trøndelag er det meldt stort sett pent og kjølig vêr.

– Spesielt i aust, men også i vest, kan det bli sol. Det er jo mange som ikkje har hatt så mykje sol i desember, så kanskje er det like fint som snø. På Austlandet kan det bli litt rim som følge av klarvêr og minusgrader, seier Borander.

– Og kanskje viktigast, det er ingen julestormar i sikte. Det blir roleg vêr på julaftan, held ho fram.