Hopp til innhold

Aldri før har det vore så mange kvinner i kommunestyra i fylket

Kommunevalet i år gav den beste kvinnerepresentasjonen i kommunestyra i Sogn og Fjordane nokon gong.

Frida Melvær

EI AV MANGE: Frida Melvær (H) er ei av ti kvinner i Askvoll kommunestyre. Det utgjer nesten halvparten av representantane.

Etter valet på måndag er det klart at det blir fleire kvinner enn før i kommunestyra.

39,7 prosent av kommunestyrerepresentantane blir no kvinner. Det er 1,8 prosentpoeng meir enn for fire år sidan.

Gaular er best i kvinneklassen. 12 av dei 21 i kommunestyret er kvinner. Det svarar til 57 prosent. I andre enden ligg Stryn med 28 prosent kvinner.

Sjå kor mange kvinner som skal vere med i kommunestyret i din kommune her.