Hopp til innhold

Få fosterforeldre i Nordfjord

I Nordfjord er det langt vanskelegare å få folk til å bli fosterforeldre enn i Sogn og Sunnfjord.

Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane har i vinter hatt fire informasjonsmøte i Nordfjord og store avisannonsar, men det har ikkje ført til auka pågang.

 

 

Bra i Gloppen, elles skrint

Leiar i Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane, Truls Songstad, seier dei gjerne skulle hatt fleire fosterfamiliar i den nordlege delen av fylket.

- Vi veit ikkje kvifor det er slik, men det er ofte slik at det å vere fosterforeldre ser ut til å vere populært i enkelte geografiske område, og då spreier det seg gjerne der. I Nordfjord er det bra med fosterfamiliar i Gloppen, særleg i Breim, og i ytre Bremanger, men elles er det skrint.

- Gode fosterforeldre flinke å rekruttere

Bøygen er å få ein familie på ein stad til å ta imot fosterborn. Når det har skjedd, spreier det seg gjerne via vener og slekt, og fleire melder seg.

- Gode fosterforeldre er flinke til å rekruttere andre, ved at dei snakkar om det, om at det er utfordrande, men  at det gir utruleg mykje når dei først kjem i gang.

Må langt heimefrå

- Kva betyr det at det er så få fosterforeldre i Nordfjord?

- Det betyr at dei borna som barnevernstenesta i Nordfjord-kommunane må plassere i fosterheim må eit stykke unna for å finne ein god fosterheim, oftast  til Sogn eller Sunnfjord, og det er ikkje alltid like greitt for dei som må flytte og for dei familiane som skal ha god kontakt med borna sine for det om dei flytter i fosterheim. I tillegg kan nye dialektar, nye vener og nye omgangsformer vere komplisert for borna.

- Utruleg god støtte

Vivian Midtbø frå Bryggja er mellom dei få i Nordfjord som har valt å bli fostermor.

- Det var litt tilfeldig, vi hadde fått to eigne ungar, og då var spørsmålet: Skal vi ha ein unge til, eller kan vi gjere noko for andre, og då valde vi å bli fosterforeldre, og det har vi ikkje angra på. Mannen min og eg har vakse som foreldre. For du seglar ikkje din eigen sjø når du er fosterforeldre. I tillegg til vanleg sosialt nettverk som familie og vener har vi i tillegg sakshandsamar i kommunen og vi har fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane, og vi har fått utruleg god støtte og veldig god skulering i det å vere fosterforeldre.

- Men det byr vel og på utfordringar?

- Jau, men det er ikkje så mykje meir spesielt å vere fosterforeldre enn å vere vanlege foreldre, synest vi då, fordi vi har dei same utfordringane anten vi er biologiske foreldre eller fosterforeldre.

- Utruleg lærerikt

- Kvifor trur du det er så få i Nordfjord som er fosterforeldre?

- Det er nok slik som Truls Songstad seier at når det først er fosterforeldre ein stad, så spreier det seg til andre. No veit eg ikkje om vi skal ta på oss skulda for at vi har vore dårlege til å reklamere, men det hadde vore veldig kjekt om vi var fleire i Nordfjord, og eg kan verkeleg anbefale folk å vere fosterforeldre. Det er utruleg lærerikt.

Treng spesielt ungdomsfamiliar

Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane vil halde fram arbeidet med å prøve å rekruttere fleire fosterheimar i Nordfjord.

- Dette er ein langsiktig prosess, no skal vi starte eit nytt kurs for fosterforeldre til hausten, det er nesten fullt, men vi kunne godt tenkt oss å ha fleire, og i Nordfjord er vi spesielt ute etter ungdomsfamiliar som kan ta imot litt større born, frå 12 til 18 år. Der slit vi litt, vi har pengar vi ikkje får brukt opp, og vi vil gjerne ha kontakt med folk som vil arbeide med ungdom i eigen heim, seier Truls Songstad.