Hopp til innhold

Best i vest på fosterfamiliar

Familiar i fylket står i kø for å ta seg av born som sårt treng ny heim.

Fosterhjemsbarn får ikke nok oppfølging
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Avdelingsleiar Truls Songstad i Fosterheimstenesta Sogn og Fjordane har all grunn til å vere nøgd.

Familiar i kø

For medan dei fleste fylka i landet slit med å rekruttere nye fosterfamiliar, er Sogn og Fjordane best på heile Vestlandet i å rekruttere nye fosterheimar. Idag er det 112 fosterfamiliar i fylket, og 36 står i kø for å ta seg av born som treng ein ny heim.

- Ni av desse har barn frå før av og ynskjer eitt til. Det tyder på at dei er godt nøgde med å vere fosterfamilie, seier Songstad og meiner at den positive utviklinga skuldast godt rykte og god oppfølging frå fosterheimstenesta og kommunane.

Kjem til fjordfylket

I Møre og Romsdal er det eit stadig tilbakevendande problem at ein ikkje greier å rekruttere nok fosterfamiliar. Ser ein sørover til Hordaland sit det no 50 born og unge på institusjonar og ventar på å få ein familie som kan ta seg av dei.

Her i fylket sit ingen born i kø og ventar på fosterfamiliar. Derimot har mange born flytta til fjordfylket frå Rogaland og Hordaland på grunn av manglande plassar i heimfylket.