Rekordhøge bensinprisar i Norge

Aldri før har bensinprisane vore så høge i Norge. Ekspert trur folk kan vente seg bensinprisar på langt over 15 kroner om få år.

Fylle bensin

REKORD: Dei rettleiande prisane for bensin har aldri før vore så høge i Norge.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Den siste månaden har bensinprisen i Norge nådd nye høgder, fleire gonger. Uroa i land som Libya har ført til auka oljepris, noko som igjen har ført til tidenes høgaste bensinpris.

- Det er mange ting som spelar inn, men i hovudsak går dette på at tilbodssida ikkje veks i same takt som etterspurnaden frå fleire store land, seier oljeanalytiker Torbjørn Kjus i DnB NOR Markets til NRK.

Rekorddyr bensin

Denne veka ligg den rettleiande prisen på 95 blyfri bensin på 14,22 hos Shell, medan rettleiande pris hos Statoil ligg på 14,46.

For begge selskapa er dette den høgste rettleiande prisen nokon sinne.

Pål Heldaas, informasjonssjef i Statoil

VIL IKKJE SPÅ: Pål Heldaas i Statoil vil ikkje spå om framtidige bensinprisar.

Foto: Statoil

Siste veka i februar hadde Statoil rettleiande listepris på 13,92 kroner per liter, og denne har no auka med over 50 øre på under tre veker.

- Vi uttaler oss ikkje om prisutsikter. Men det er klart at vi får reaksjonar frå kundane våre om at dette er veldig dyrt, seier informasjonssjef Pål Heldaas i Statoil til NRK.

Heller ikkje kommunikasjonssjef Lillian Aasheim i Shell vil spekulere i framtidig prisvekst. Begge seier det kan vere store lokale variasjonar i prisen.

Spår bensin til 15,50

Kjus i DnB NOR Markets spår derimot at oljeprisen vil fortsetje å auke, noko som igjen vil føre til endå dyrare bensin.

Oljeanalytikaren spår at prisen for eit olje fat skal stige til 150 dollar på sikt.

- Når prisen på olje aukar med 10 dollar per fatet, reknar vi med at bensinprisen stig med om lag 40 øre per liter. Når prisen for eit fat olje kjem til 150 dollar, vil bensinprisen ha kome opp i over 15,50 kroner, forklarar Kjus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torbjørn Kjus, oljeanalytiker i DnB NOR

SPÅR: Oljeanalytiker Torbjørn Kjus trur bensinprisane vil kome opp i langt over 15 kroner om få år.

Foto: DnB NOR

- Reservekapasiteten er svekka

Dei siste månadene er det spesielt uroa i Midtausten og Nord-Afrika som har hatt innverknad på oljeprisen.

Medan Libya produserer mindre olje grunna uroa i landet, vert dette teke igjen i Saudi-Arabia, fortel Kjus. Likevel er reservekapasiteten i marknaden lågare.

- Ein kan seie at det er eit slags risikopåslag i oljeprisen. Men dersom det vert meir uro i andre land, kan reservekapasiteten forsvinne heilt. Då er det ikkje grenser for kor høgt oljeprisen kan gå, seier Kjus.

Store variasjonar i løpet av veka

I den største byen i Sogn og Fjordane er det Shell som styrer prisen på bensin.

- Når vi set ned prisen, følgjer dei andre stasjonane etter, seier sjef ved Shell i Førde, Magnor Hornnes.

Han seier prisen på bensin varierer med opp mot 1 kroner og 50 øre i løpet av ei veke.

Normalt går prisen opp til rettleiande pris torsdag og måndag, medan den i mellomtida går gradvis nedover til det som vert rekna som smerteterskelen.

- Vi merkar at mange er bevisste på prisskilnaden på forskjellige dagar i veka, seier Hornnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dyr bensin i Førde

DYRT: Sist torsdag var dette prisen på bensin og diesel på Staotil sin stasjon ved E39 i Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Ikkje urealistisk med over 15 kroner

Som Kjus ser han det ikkje som usannsynleg at prisen vil kome opp i godt over 15 kroner i løpet av dei neste åra.

- Det er nok på ingen måte urealistisk slik prisane har utvikla seg siste tida, seier Hornnes.

Den lokale forhandlaren seier mange kundar gir uttrykk for at bensinen er svært dyr akkurat no.

- Debatten er litt flau

Kjus på side synst det nesten er litt flaut å vere med i debatten.

- Når folk i Midtausten og Nord-Afrika døyr i kampen for fridom, så synst eg nesten det vert litt dumt å debattere om prisen på bensin ligg på 13, 50 eller 14 kroner. Norske forbrukarar har råd til dette, seier Kjus.