Hopp til innhold

Rekordhøg søking til høgare utdanning: Til dette yrket er det 59 søkarar per plass

Sjå oversikta over dei mest populære studia: Framleis er det helse- og sosialfag som lokkar flest.

POPULÆRT: Det heilt nye tollstudiet er svært populært samanlikna med talet på ledige plassar: 2000 har søkt seg til 30 studieplassar. Her frå Gardermoen.

POPULÆRT: Det heilt nye tollstudiet er svært populært samanlikna med talet på ledige plassar: 2000 har søkt seg til 30 studieplassar. Her frå ein kontroll på Taraldsrud.

Foto: Tolletaten

Av dei vel 154.000 som i år har søkt høgare utdanning, har 2064 av dei valt å søka det heilt nye studiet «Toll, vareførsel og grensekontroll». Det syner fasiten frå årets søkartal i Samordna opptak.

– Me kjem ut av ingenting og går rett til topps, og det er fantastisk morosamt. Me var veldig spente på korleis søkartala kom til å bli, seier tolldirektør Øystein Børmer.

Tidlegare var tollutdanninga ei intern utdanning som ikkje førte til at ein fekk ei grad. Det nye, treårige studiet er det Universitetet i Stavanger (UiS) som tilbyr. I tillegg til marknadsføringa UiS og Tolletaten har gjort, trur Børmer det er fleire årsaker til at det er så populært.

– Me har gjennom pandemien blitt profilert som ein sentral aktør på grensa og me har hatt ein eigen TV-serie som har vist fram korleis det er å jobba som tollar.

Studium med flest fyrstevalgsøkarar

Studiumnavn

Lærestad

Studiestad

Planlagte studieplassar

Søkarar fyrstevalg

Siviløkonomutdanningen

NHH

Bergen

500

2 221

Toll, vareførsel og grensekontroll

UIS

Stavanger

35

2 064

Rettsvitenskap

UIB

Bergen

390

1 973

Rettsvitenskap (jus), høst

UIO

Oslo

234

1 928

Arkitekt

AHO

Oslo

60

1 253

Ledelse

UIT

Alta

800

1 195

Medisin, høst

UIO

Oslo

120

1 150

Industriell økonomi og teknologiledelse

NTNU

Trondheim

180

1 135

Sykepleie, Oslo

OSLOMET

Oslo

477

1 117

Psykologi, høst

UIO

Oslo

65

1 102

Økonomi og administrasjon, bachelor

NTNU

Trondheim

310

1 099

Politiutdanning, Oslo

PHS

Oslo

120

1 094

Sykepleie, Trondheim

NTNU

Trondheim

260

1 075

Medisin

NTNU

Trondheim

155

1 071

Ekspander/minimer faktaboks

Tolldirektør Øystein Børmer

NØGD: – Me har eit viktig oppdrag i samfunnet som mange er interessert i å jobba med, seier tolldirektør Øystein Børmer.

Foto: Bård Gudim / Tolletaten

Flest søkarar innan helsefag

I fjor gjorde talet på søkarar til høgare utdanning eitt hopp på 8,7 prosent. Også i år stig talet, men med meir moderate 2,2 prosent.

Framleis søker flest helse- og sosialfag. I underkant av 40.000 har søkt utdanning innan fagområdet. Vernepleie har i år vore eit populært val. 22,6 prosent fleire har søkt retninga.

– Det er ei veldig positiv overrasking. Eg trur mange i denne tida vi har vore i no har sett kvar viktig helsetenesta er i velferdssamfunnet, og ønsker å bidra, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) til NRK.

13.370 har søkt på dei 5145 plassane på sjukepleiestudium i Noreg. Det meiner Asheim Noreg kjem til å trenga framover.

– Derfor er det bra at det kvart år blir utdanna fleire sjukepleiarar enn året før og at det framleis er langt fleire søkarar enn det er plassar.

Utdanning

GODE NYHEITER: – For kunnskapsnasjonen Noreg er dette gode nyheiter. Me treng fleire kloke hovud i alle sektorar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) om dei rekordhøge søkartala.

Foto: Terje Pedersen / NTB

I år har 12.421 ei lærarutdanning på fyrsteplass på søknadslista. Det er ein nedgang på 4,3 prosent frå i fjor.

Asheim seier det er vanskeleg å vite kva som er årsaka, men at pandemien har spilt ei rolle.

– Eg trur mange unge har sett kor krevjande det er å vera lærar med digital undervisning, og tenkt at slik er det å vera lærar. Men det er det altså ikkje.

Søking til utdanningsområde 2020-2021

Utdanningsområde

Søkere førstevalg

2020

2021

Endring 2020-2021

ESTETISK

3 411

3 342

-2,0 %

HELSEFAG

39 254

39 389

0,3 %

HISTORIE

4 497

4 421

-1,7 %

IDRETT

3 615

3 235

-10,5 %

INFOTEKN

7 126

7 238

1,6 %

JUS

7 943

10 915

37,4 %

LANDBRUK

1 118

1 193

6,7 %

LÆRER

12 974

12 421

-4,3 %

MEDIEFAG

4 531

4 844

6,9 %

PEDFAG

2 933

2 926

-0,2 %

REALFAG

4 156

4 143

-0,3 %

REISELIV

458

356

-22,3 %

SAMFUNN

19 495

17 997

-7,7 %

SPRÅK

5 675

5 936

4,6 %

TEKNO

14 398

15 005

4,2 %

ØKADM

19 200

20 727

8,0 %

Totalt

150 784

154 088

2,2%

Ekspander/minimer faktaboks

Fleire vil gå fagskule

I fjor søkte rekordmange seg rett frå vidaregåande til høgare utdanning. I år er det færre 18- og 19-åringar som har søkt. I staden er det ein auke blant dei eldre søkjarane. Over 4500 fleire over 30 har søkt høgare utdanning. Den eldste som har søkt, er 88 år gamal.

Mange fleire vil dessutan gå på fagskule. 12 806 har søkt plass, ein auke på 37,4 prosent sidan i fjor.

Noko av auken skuldast at talet på fagskulestudium i det samordna opptaket har økt frå 318 til 494. Utan dei nye studia er det likevel 29,5 prosent auke i søkartalet.

– Eg trur det kan skuldast at mange av dei ein fagskuleutdanning er relevant for jobbar i bransjar der mange no står utanfor arbeid, seier Asheim.

Studia med flest fyrstevalgsøkarar per studieplass

Studiumnavn

Lærestad

Studiestzd

Planlagte studie-plasszr

Søkarar fyrsteval

Fyrsteval per plass

Toll, vareførsel og grensekontroll

UIS

Stavanger

35

2 064

59

Vernepleie, Sandvika, deltid

VID

Bærum

30

687

22,9

Arkitekt

AHO

Oslo

60

1 253

20,9

Økonomi og ledelse, deltid

OSLOMET

Oslo

20

412

20,6

Vernepleie, Bergen, deltid

VID

Bergen

15

279

18,6

Psykologi, haust

UIO

Oslo

65

1 102

17

Paramedisin

NTNU

Gjøvik

30

502

16,7

Luftfartsfag

UIT

Tromsø

12

191

15,9

Økonomi og ledelse

OSLOMET

Oslo

20

295

14,8

Honoursprogram, Samfunnsvitenskap

UIO

Oslo

20

289

14,5

Sykepleie, Sandvika

VID

Bærum

35

503

14,4

Kunst og design - studieretn. mote og produksjon

OSLOMET

Oslo

13

186

14,3

Bibliotek- og informasjonsvitenskap, årsstudium

OSLOMET

Oslo

10

141

14,1

Paramedisin

UIS

Stavanger

20

274

13,7

Kriminologi, årsstudium

UIO

Oslo

34

461

13,6

Ingeniør, bygg, fleksibel

NTNU

Gjøvik

10

133

13,3

Paramedisin

UIT

Tromsø

23

305

13,3

Kriminologi, bachelor

UIO

Oslo

58

764

13,2

Trafikklærer

OSLOMET

Lillestrøm

25

315

12,6

Medier og kommunikasjon, årsstudium

OSLOMET

Oslo

10

125

12,5

Prehospitalt arbeid - paramedic

OSLOMET

Oslo

50

581

11,6

Dokumentasjonsforvaltning

OSLOMET

Oslo

36

414

11,5

Filosofi, politikk og økonomi

UIO

Oslo

25

286

11,4

Økonomi og administrasjon, Gjøvik, bachelor, deltid

NTNU

Gjøvik

55

592

10,8

Ekspander/minimer faktaboks