Hopp til innhold

Rekorddyr ved kan gjere det billigare å fyre med straum

Vedprisen kan kome opp i fire kroner kilowatten til vinteren. Då taper du på å fyre med ved.

Ken Jarle Johansen og Odd Atle Stegegjerdet med ved på ATS i Luster.

STRID OM PRIS: Ken Jarle Johansen og Odd Atle Stegegjerdet tek 67 kroner for ein sekk (40 liter) med bjørkeved. Dei er svært kritiske til ekstreme prisar i bransjen.

Foto: Bård Siem / NRK

Stemninga er munter og det luktar skog og kvae på Arbeids- og treningssenteret i Luster (ATS) i Indre Sogn.

Vanlegvis kjem bestillingane inn i slutten av august og byrjinga av september, men i år er alt vekkbestilt for ei god stund sidan.

Situasjonen er den same over store delar av landet: Til dels ekstremt høge straumprisar gjer at vedsalet har gått til himmels. Lagera er tomme.

Alle vil fylle opp vedlagera sine, også dei som ikkje kjøper ved kvart år, seier seniorrådgjevar Simen Gjølsjø ved Norsk institutt for bioøkonomi på Ås.

«Perfekt storm»

Krigen i Ukraina og veldig høge straumprisar gjer at det ligg til rette for ein «perfekt storm» i vedmarknaden.

På bensinstasjonar kan prisen for ein sekk med 40 liter ved bli opp mot 200 kroner, trur Gjølsjø. Det er ei tredobling frå i fjor vinter og minst ei dobling i høve dagens prisar.

Men ved-eksperten legg til at prisane også kan falle dersom det blir ein veldig mildt vinter.

– Alt kan skje, seier han.

Fyr i peisen

Den gir god varme og kos, men vedfyring kan bli eit kostbart alternativ.

Foto: Harald Krogtoft / NRK

– Veldig kynisk

Ved ATS i Luster har dei ingen planar om å utnytte situasjonen. Dei tek 82 kroner for ein sekk med 60 liter bjørkeved og 67 kroner for ein sekk med 40 liter. Furuveden er billegare.

– Det er veldig kynisk å skru opp prisen så kraftig som eksperten antydar. Vi held oss til fast pris heile året, fortel dagleg leiar Odd Atle Stegegjerdet ved ATS.

Kollega Anita Midthun nikkar.

– 200 kroner for ein liten sekk ved er hårreisande, seier ho.

ATS i Luster produserer 8500 vedsekkar i året.

ATS i Luster produserer 8500 vedsekkar i året.

Foto: Bård Siem / NRK

Mykje billigare å bruke straum

Simen Gjølsjø fortel at dersom ein vedsekk på 40 liter kostar 200 kroner, vil prisen bli fire kroner per kilowatt.

Med straumstøtte vil det difor bli mykje billigare å varme opp huset med straum.

Med ein pris på 100 kroner per sekk (40 liter) vil det koste to kroner kilowatten. Då vil ein ifølgje Gjølsjø vere i grenseland om det lønner seg å fyre med ved.

Dersom ein kjøper storsekkar på 1500 liter, kan ein få ved ned mot ei krone kilowatten for tørrgran og 1,33 kroner for bjørkeved.

– Med dagens høge straumprisar vil det då vere lønsamt å fyre med ved, seier han.

På Austlandet og i Sør-Noreg er straumen svært dyr, men i Nord-Noreg, i Midt-Noreg og på Nordvestlandet er prisen veldig låg. Sjølv med låg vedpris vil det der truleg ikkje vere lønsamt å fyre med ved i det heile.

Les også Årets dyraste straumdag: Julie (24) må planlegga når steikeomnen kan brukast

Julie Log, Urt & Ugras

Brukte 60 millionar sekkar i fjor

Øyvind Stranna Larsen jobbar som fagansvarleg i Norsk ved, ein interesseorganisasjon for om lag 2700 norske vedprodusentar. Han har ikkje sans for at enkelte legg opp til ekstreme prishopp.

– Vi er veldig opptekne av å ha ei seriøs næring med eit godt forhold til kundane våre. Då kan vi ikkje flå dei, seier han.

Øyvind Stranna Larsen

KRITISK: Fagansvarleg i interesseorganisasjonen Norsk ved, Øyvind Stranna Larsen, meiner det blir heilt feil å flå kundane med ekstremt høge prisar.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Norsk ved gjennomførte sist vinter ei medlemsundersøking der åtte av ti svarte at dei ville auke prisane med 15 prosent frå året før. To av ti ville halde same pris.

– Kjøper ein ved direkte frå seriøse vedprodusentar vil prisen vere noko heilt anna enn det som har vore antyda, seier han.

I fjor vart det kjøpt ved tilsvarande 60 millionar sekkar på 60 liter i Noreg. Dette er ein auke på 18 prosent frå året før. I år blir det rekna med ytterlegare auke. 10 prosent av veden vart i fjor importert frå utlandet.

Les også Gass, krig og lite vann: Slik påvirkes strømprisen i Norge

Bilete av ein straumprisapp