Meteorologisk institutt har no sendt ut varsel om at det kjem store nedbørsmengder i lokale områder på strekninga frå Vest-Agder til Sunnfjord. Det er også varsla storm på kysten.
NVE varslar om stor vassføring i mindre vassdrag, og kan ikkje utelukke at nedbøren vil føre til skader.
- Det er ingenting som tilseier ein flaum i dei større vassdraga, men meteorologane varslar opp til 80 millimeter nedbør i løpet av det næraste døgnet. Varselet kan slå begge vegar, og blir det meir regn så kan det føre til problem. Frå før av er det svært fuktig i bakken, seier Stein Beldring i NVE.
Fare for jordskred
Dei aller største nedbørsmengdene kjem sør for Sognefjorden og i ytre strøk. Norges Geotekniske Institutt gjer merksam på at det kan vere fare for jorskred, og då spesielt langs mindre vassdrag.
- 80 millimeter er ikkje ekstremt mykje nedbør, men lokale variasjonar gjer at vi varslar om faren. Erosjon og store vassmengder gjer at folk flest, og spesielt vegstyresmaktene, bør vere merksame på faren, seier Kjell Hauge i NGI.