Hopp til innhold

No tel regjeringa 97 tilsette

Solberg-regjeringa fekk kritikk for å «ese ut». Siste oppteljing viser at talet på tilsette i Støre-regjeringa er endå større.

Pressekonferanse om satsing på havvind

STOLLEIKEN: Støre-regjeringa har 20 statsrådar, 56 statssekretærar og 21 rådgivarar.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

I 2019 vart regjeringsapparatet til Erna Solberg historisk stort då KrF kom inn i konstellasjonen.

I alt måtte det 93 taburettar til for å få plass til alle statsrådane, statssekretærane og rådgivarane.

Utvidinga skauv regjeringssjefen på defensiven og gjorde at ho måtte svara for tidlegare løfte om å slanke byråkratiet.

Det vart også ironisert over ei tidlegare utsegn frå Høgre-statsråd Victor Norman om at 19 statsrådar ikkje samsvarte med ideen om regjeringa som «eit tett samarbeidande organ».

Etter innsteget til KrF sat det 22 statsrådar rundt Kongen sitt bord.

jctM_pttEvg

Kåre Willoch sa ein gong at det optimale talet var 12 statsrådar. Her saman med Jo Benkow (H) og Johan J. Jakobsen (Sp) i 1983.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

I Dagens Næringsliv karakteriserte Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum tilveksten som «ein uting».

– Vi får fleire statsrådar, ikkje for å gjere Noreg betre, men for å skapa betre internklima i regjeringa, sa han.

Fire år seinare er Vedum på andre sida av bordet. Kva viser oppteljinga no?

Jo, at regjeringskollegiet er endå litt større – i alt 97 stillingar.

Summen er fordelt på 20 statsrådar, 56 statssekretærar og 21 rådgivarar.

Vedum: – Høgre står fritt til å raljere

Her møter Vedum seg sjølv i døra, og det har jo vorte nokre slike gjensyn etter at han vart finansminister, seier 1. nestleiar i Høgre, Henrik Asheim.

Han viser til at Solberg-regjeringa i 2019 bestod av fire parti, medan Støre-regjeringa berre omfattar to.

Likevel er apparatet større enn vårt. No håpar eg alle 97 har hatt ei fin julefeiring og er klare for eit nytt politisk år. Dei ser ut til å trenga all den hjelpa dei kan få, ertar han.

NRK har vore i kontakt med Trygve Slagsvold Vedum, som poengterer at det i dag er færre statsrådar (20) enn det var under Solberg-regimet (22).

Han legg til:

At Høgre ønskjer å raljere litt med dette i jula, det står dei fritt til. Akkurat no er vi mest opptekne med å få ned prisveksten og sørgja for gode tenester i heile Noreg.

Bondevik Sigar

Då Kjell Magne Bondevik vart sjef i 1997, var det totalt 34 personar i regjeringsapparatet.

Foto: Morten Holm / NTB

Eit symptom på aukande kompleksitet

– Storleiken til norsk offentleg sektor er i verdstoppen. Veksten i politisk leiing utgjer eit lite, fortetta uttrykk for dette problemet, seier Einar Lie, som er professor i historie ved Universitetet i Oslo.

På overordna nivå ser han ein «uheldig tendens» til at vi er på veg bort frå eit stort fast embetsverk og ei lita politisk leiing, og over til ein «svingdør-situasjon» med stadig fleire folk som skal inn (og ut) når nye regjeringar kjem til.

Storleiken på offentleg sektor var sist på dagsorden i ein open disputt mellom Civita-leiar Kristin Clemet og SV-politikar Kari Elisabeth Kaski.

I ein kronikk i Aftenposten påstod Clemet at offentleg sektor aldri har vore større og at «det er interessant at denne utviklinga ikkje synest å bekymra regjeringa».

rwaKlTKCrYU

– Det regjeringslaget vi har sett saman er eit lag for å styra landet trygt og ansvarleg gjennom tida me står i, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: NTB

Statsvitar og valanalytikar Svein Tore Marthinsen seier til NRK at større regjeringsapparat er «eit symptom på den aukande kompleksiteten i toppolitikken».

Det er lett å vera kritisk til utviklinga i opposisjon, verre å gjera noko med det i posisjon, seier han.

Han åtvarar likevel om at talet på rådgivarar og sekretærar kan setja den demokratiske legitimiteten i spel.

Jo fleire som er i støtteapparatet, jo fleire har politikken som profesjon. I ei tid der tilliten til det politiske systemet fell, er det neppe noko som bidreg til å gjenreise tilliten. Tvert imot.

iImqQwbXmPE

– Eg håpar alle 97 har hatt ei fin julefeiring. Dei ser ut til å trenga all den hjelpa dei kan få, seier 1. nestleiar i Høgre, Henrik Asheim. Her representert ved ein positur han har tatt sjølvkritikk på i sin eigen podkast Stortingsrestauranten.

Foto: NTB

Politikarar kjem og går; ekspedisjonssjefar består

Astrid Hauge Rambøl i Manifest Analyse seier at «for oss utanforståande kan det sjå ut som statssekretærane først og fremst blir sende ut i stormen for å få kritikk».

Med tanke på populariteten til regjeringa kan eg forstå at det er freistande å ha fleire støytdemparar å verna seg bak, ironiserer ho.

I tillegg er det eit viktig poeng at desse stillingane er skattefinansierte.

Leiar for Tankesmien Agenda, Trygve Svensson, er mildare i klypa:

At litt under hundre menneske jobbar med den utøvande makta er ikkje så gale. Eg synest det er bra at det ikkje er som i USA, der mange tusen blir politisk utnemnde. Men det gjer at vi må vera observante på makta til embetsverket.

Politikarar kjem og går, medan ekspedisjonssjefar består.

Les også Kilder til NRK: Måtte endre på statsrådskabalen i siste sving

Regjeringsskifte 2021