Borna i familien vart tidlegare i vinter henta av Barnevernet. Saka har også vore oppe i fylkesnemnda for barnevernssaker.
I følgje avisa Firda er foreldra sikta for vald mot borna.
- Foreldra er sikta for å ha utøvd fysisk vald mot borna sine, seier politiadvokat Sissel Kleiven til avisa.
NRK har vore i kontakt med familien, men dei har ikkje svart på førespurnadar. Saka har vekt stor oppsikt og engasjement i utlandet, der det er gjennomført protestar utanfor fleire norske ambassadar. Noko av bakgrunnen for dette er at det i sosiale medium og i internasjonale aviser blir hevda at barnevernet har teke hand om borna på bakgrunn av kristen indoktrinering.
Politiadvokat Kleiven avviser dette overfor Firda, og seier at det ikkje er relevant i deira vurdering av saka.