Redusert oppgradering av Lærdalstunnelen
Statens vegvesen droppar utsprenging av 48 store evakueringsrom i Lærdalstunnelen. Dermed vert oppgraderinga redusert i omfang. Det melder Aurlendingen.
– Det betyr mindre sprenging, mindre masseoverskot og kortare anleggstid, seier prosjektleiar Stig Berg-Thomassen til avisa.