Hopp til innhold

Redd dei må stengje stavkyrkjene

Fortidsminneforeningen får mindre i driftsstøtte og meiner det kan gå ut over stavkyrkjene og andre nasjonalskattar.

Urnes stavkyrkje

EI AV ÅTTE STAVKYRKJER: Urnes stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeningen.

Hovudstyreleiar Leif Kahrs Jæger i Fortidsminneforeningen seier til Nationen at driftsstøtta har krympa med 375.000 kroner sidan i fjor.

– Det er kanskje ikkje store summen, men eg er bekymra for utviklinga.

– Pinefull oppgåve

Fortidsminneforeningen eig og har ansvaret for vedlikehald av 40 nasjonalskattar, av dei åtte stavkyrkjer, fire av desse i Sogn og Fjordane. Til dette får dei fire millionar kroner i statsstøtte og rundt same summen i medlemsavgifter.

– Det blir ei pinefull oppgåve å prioritere kva vi har pengar til. I verste fall kan dette føre til at stavkyrkjene ikkje kan haldast opne for ålmenta.

Meiner pengane blir brukte feil

Kahrs Jæger meiner det blir brukt for mykje pengar på eigedommar som er i ferd med å forfalle.

– Vi i Fortidsminneforeningen er meir opptekne av å bruke pengar på førebyggande vedlikehald, før bygningane deisar i bakken.

Han er vonbroten over den raud-grøne regjeringa.

– Politikarane seier vern skal prioriterast, men når det kjem til realiteten får pipa ein annan lyd. Eg etterlyser konsistens og truverde.