Hopp til innhold

Borgund stavkyrkje tilbake i all si prakt

Borgund stavkyrkje er klar til ny turistsesong. Etter to år med restaurering framstår kyrkja nesten som ny.

Innan 2015 skal alle dei 28 stavkyrkjene i Norge vere ferdig restaurerte. Fredag vart Borgund stavkyrkje frå om lag 1180 opna opp att etter to år med restaurering. Kyrkja heldt på å rotne på rot før det vart teke grep.


– Det er vakkert. Eg trur ikkje ho kan vere finare, sjølv om kyrkja alltid er fin. Ho var også fin før dei tok til å reparere ho, seier dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter, Tanna Gjeraker.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svalgang

SVALGANGEN: Flott handverk prydar den gamle mellomalderkyrkja.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Gler seg til sesongstart

Saman med omvisarane ved kyrkja gler ho seg ekstra til ein ny turistsesong, for kyrkja som av mange blir sett på som den best bevarte og mest autentiske av dei 28 stavkyrkjene som står att i Norge, blenkjer mest i sola i all si prakt.

– Eg er stolt og glad, og eg gler meg til sesongen, seier Gjeraker.

Mange har nok lurt litt når dei har svinga innom Borgund stavkyrkje det siste året. Kyrkja har vore innpakka av stillas og kvite presenningar medan restaureringsarbeidet har pågått.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svalgang

SVALGANGEN: Flott handverk prydar den gamle mellomalderkyrkja.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har kosta 14 millionar

– Det er klart det har vore ein del folk som har vore skuffa over synet som har møtt dei, og fordi det ikkje har vore råd å fotografere kyrkja frå utsida, seier Gjeraker.

Men det er det slutt på. Etter to år med nitid restaurering til ein kostnad av 14 millionar, er Borgund stavkyrkje klar til nye turisthordar. Borgund stavkyrkje er ei av fem stavkyrkjer i Sogn og Fjordane, og den med klart høgast besøkstal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nedre Jølster Bilelag

GJORDE JOBBEN: Nedre Jølster Bilelag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bilelaget har hatt jobben

Kyrkja frå mellomalderen vart tungt råka av roteskadar. Både takspon og spesielt utskjeringane hadde fått hard medfart av vêr og vind.

– Vi sleit litt med å finne ny drage. Vi har bytta det eine dragehovudet på toppen, seier arbeidsleiar i Nedre Jølster Bilelag, Halvor Slåtten.

Halvor Slåtten

VIKTIG: Arbeidsleiar i Nedre Jølster Bilelag, Halvor Slåtten, tykkjer det er kjekt å kunne bidra med å halde ved like slike praktbygg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er bilelaget som har stått for restaureringa.

– Dette er viktig. Vi har ikkje så mange slike kyrkjer att. Vi må ta vare på det vi har, seier Slåtten.

Alle skal vere ferdige i 2015

Borgund er den 19 av dei 28 stavkyrkjene i Norge som er ferdig restaurert. Innan 2015 skal alle dei 28 kyrkjene vere i topp stand.

Også riksantikvar Jørn Holme, som er oppdragsgjevar for restaureringa, var til stades under nyopninga av Borgund stavkyrkje fredag.

– Fantastisk. Den kyrkja vi ser i dag ser akkurat slik ut som ho gjorde på 1180-talet då ho vart reist og tjørebreidd for aller fyrste gong, seier Holme.

Han rosar handverkarane som har stått for arbeidet med å setje kyrkja i stand.

– Det er absolutt dei som fortener mest ros i dag, seier Holme.