Hopp til innhold

Redd cruiseturstane slit ned kyrkja

Fortidsminneforeningen er redd for at mange cruisebåtturistar kan føre til auka slitasje på Urnes stavkyrkje.

Urnes stavkyrkje

GAMAL OG SÅRBAR: Langt fleire kjem til Urnes stavkyrkje i sommar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det er venta ein kraftig auke i talet på cruisepassasjerar til Skjolden dei komande åra. I år vil om lag 29 000 turistar kome sjøvegen til bygda inst i Lustrafjorden, mot berre 9000 i fjor.

Landets eldste kyrkjebygg

Det er det ikkja alle som applauderer. Styremedlem i Fortidsminnneforeningen, Trude Knagenhjelm, seier at dei må førebu seg på langt fleire besøkande til kyrkja, som er på UNESCO si verdsarvliste.

– Det er ein middelalderbygning,så det handlar litt om tolegrensa, kva denne bygningen kan klare.

Fortidsminneforeningen eig Urnes stavkyrkje som vart bygd kring 1140, og som dermed vert rekna som landets eldste kyrkjebygg. Cruisehamna på Skjolden, inst i fjorden, er berre nokre år gamal, men førebels ein suksess, seier Karsten Nilsen i Røysi Reiseliv, som står bak cruisesatsinga på Skjolden.

– Vi har ein kraftig auke, vi går frå 11 til 22 skip, i tal passasjerar aukar det frå under 9000 i fjor til 29 000 i sommar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Cruiseskip kjem til Skjolden

JUBEL FOR CRUISE: Det første cruiseskipet til Skjolden på mange år vart feira med flagging.

Foto: Arne Eithun / NRK

– Stavkyrkja er viktig

Nilsen slår fast at den venta veksten i talet på cruisepassasjerar på Lustrafjorden vil føre til at endå fleire vil vitje kulturskatten på Ornes. For dei er Urnes stavkyrkje viktig for å lokke flest mogleg cruiseskip og passasjerar til Skjolden.

– Det er heilt klart at stavkyrkja er viktig for oss. Her må vi gå i dialog for å legge til rette slik at det ikkje kjem for mykje folk samstundes til kyrkja.

Ikkje stoppskilt, men...

Sjølv om Fortidsminneforeningen no er uroa over at mange fleire tusen turistar kan kome strøymande til stavkyrkja, ønskjer dei ikkje å leggje ned noko forbod - og dei har søkt Riksantikvaren om verdsarvmidlar til å møte veksten i turismen, fortel Trude Knagenhjelm.

– Eg trur ikkje det er nokon god strategi å sette opp stoppskilt. Eg trur heller at vi kan regulere dette gjennom billettpris, eller at vi kan spreie trykket på denne vesle staden ved å tilby fleire typar formidling.